Forfatterarkiv: Thomas Førde

Betongskrog får ny vår i havvind – Kværner skal byggje 11

Når 11 betongskrog til flytande vindmøller skal byggjast hos Kværner på Stord blir kunnskap frå bygginga av dei store condeep-plattformene henta fram att. Kværner som har vunne denne millardkontrakten med Equinor for bygging av vindmøller til Tampen-området, kan føra sine røter attende til Norwegian Contractors og bygging av betongunderstell til Statfjord-plattformene, installasjonar på Gullfaks og ikkje minst Troll […] Innlegget Betongskrog får ny vår i havvind – Kværner skal byggje 11 dukket først opp på Petro.no.

Hotell frå Stord set snart kursen for Brasil

I over to år har Leirvik AS arbeidd med bygging av hotellet til ei ny plattform på Peregrino-feltet utanfor kysten av Brasil. Siste halvdel av november startar hotellet den månadslange sjøreisa over Atlanterhavet. Byggverket i seks høgder ruvar godt i landskapet der det nå står på kaia hos Leirvik AS. Dei siste installasjonar og klargjeringar blir gjennomført om […] Innlegget Hotell frå Stord set snart kursen for Brasil dukket først opp på Petro.no.

Imenco satsar stort på kamera til bruk under vatn

Meir lys, skarpare bilete og betre kommunikasjon under vatn. Dette er dei klare ambisjonane til Imenco som gjer store investeringar gjennom oppkjøp og produktutvikling. Selskapet har gjennom 25 år utvikla og levert kamerasystem til subseanæringa. Etter oljeprisfallet i 2014 blei det nærast bråstopp i etterspurnaden. Men marknaden tok seg raskt opp att og Imenco såg at tida var […] Innlegget Imenco satsar stort på kamera til bruk under vatn dukket først opp på Petro.no.

Har gjort Haugesund til eit senter for offshore skipsmekling

Eit av verdas største føretak innan mekling av oppdrag til offshoreserviceskip ligg i Haugesund og heiter Hagland Shipbrokers. I løpet av dei to siste åra har Haugesund-selskapet kjøpt seg inn i meklarføretak i tre land kring Nordsjøen og er nå etablert med avdelingar i Esbjerg, Hamburg og Aberdeen i tillegg til Haugesund. Til saman 27 meklarar arbeider nå […] Innlegget Har gjort Haugesund til eit senter for offshore skipsmekling dukket først opp på Petro.no.

Gla’sommar i supply

Prisen for leige av forsyningsskip (PSV) har i sommar stige til det høgaste nivået sidan 2014. Det er nærmast «utselt» for klargjorde, ledige skip for sesongen. Men framleis ligg mange skip i opplag. – Aktivitetsnivået i Nordsjøen er langt høgare i år enn i 2017 og 2018 og tilbodet, spesielt for store forsyningsskip (PSV) er nå avgrensa, […] Innlegget Gla’sommar i supply dukket først opp på Petro.no.

Nytt selskap vil rekruttera 100 medarbeidarar i sommar

Dei har allsidig erfaring frå verfts- og petroleumsindustrien i Norge og i andre land. Nå har dei starta eige firma for rekruttering av fagarbeidarar. Den same gruppa vil byggja sitt eige ingeniørselskap. Det nystarta selskapet DAP Solution AS vil i første omgang rekruttera fagarbeidarar både til nybyggings- og ombyggingsprosjekt på verft og offshore. Gründarane legg lista høgt. Målet […] Innlegget Nytt selskap vil rekruttera 100 medarbeidarar i sommar dukket først opp på Petro.no.

Valhall-hotell blir til småbitar på Stord

Det eldste bustadkvarteret på Valhall-feltet er henta inn frå havet og skal enda sine dagar hos Kværner på Stord. Heilt sidan 1981 har hotellplattforma gjort teneste på eit stålunderstell i Nordsjøen. Men bustadkvarteret får ikkje den same glorifiserte og evige lagnaden som byggverket kor namnet Valhall er henta frå, festsalen til den norrøne guden Odin. […] Innlegget Valhall-hotell blir til småbitar på Stord dukket først opp på Petro.no.

«Mike the Bike» har fått jobb på Kårstø

Hos Gassco og Equinor blir 2019 kalla for eit historisk år; året då robotar for alvor blir tatt i bruk til å utføra inspeksjon ved olje- og gassprosesseringsanlegg på land. «Mike the Bike» er kallenamnet til den vesle roboten som har trilla på magnetiske hjul langs loddrette veggar i tronge mørke tankar og store røyr på Kårstø […] Innlegget «Mike the Bike» har fått jobb på Kårstø dukket først opp på Petro.no.

Subseapartner sitt nye dykkarfartøy klart for Goliat

På Goliatfeltet skal Subseapartner gjera vedlikehald og inspeksjon av fortøyingane til den sylindriske stålplattforma. I dette prosjektet vil hovudarbeidet bli gjort av dykkarar som arbeider ut frå ein flunkande ny arbeidsbåt. Det nye fartøyet blei nyleg sjøsett hos Marine Partner i Ålesund og skal om få dagar døypast i Haugesund, heimbyen til Subseapartner. Fartøyet som ber namnet […] Innlegget Subseapartner sitt nye dykkarfartøy klart for Goliat dukket først opp på Petro.no.

Westcon gler seg over riggoppdrag

Transocean Arctic kom fredag inn til Westcon Yard i Ølensvåg for service, klassing og oppgradering. Opphaldet ved verftet vil truleg vara i minst seks veker. – Dette er eit kjærkome oppdrag for verftet, seier Malvin Eide, som er leiar for riggavdelinga hos Westcon Yard i Ølensvåg. Eide legg til at oppdraget er så vidt omfattande […] Innlegget Westcon gler seg over riggoppdrag dukket først opp på Petro.no.