Kategoriarkiv: Cemre-verftet

Verdens største brønnbåt sjøsatt

Det er det tyrkiske verftet Cemre Shipyard som skriver om begivenheten på selskapets Facebook-side, og har i den forbindelse publisert et bilde av brønnbåten, melder iLaks. Sølvtrans er rederiet som har kontrahert båten, og skal eie den. Havyard er ansvarlig verft, mens skroget sveises sammen i Tyrkia. Ifølge Havyard er «Ronja Storm» verdens største brønnbåt, og har en prislapp på 500 millioner kroner. Brønnbåten er 116 meter lang og 23 meter bred. Skipet har plass til 7.450 kubikkmeter vann i fisketankene, noe som er over dobbelt så mye som normalt store brønnbåter. I tillegg skal båten kunne ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvann. Etter levering skal den inn på en ti-årskontrakt for oppdrettsselskapet Huon ved Tasmania utenfor Australia. Planlagt levering er i sommer.

13 skip på 16 månader: – God kontroll, seier konsernsjefen

Havyard-verftet i Leirvik har eit tøft byggjeprogram dei neste 16 månadene, skriv Nett.no. 13 skip skal leverast, derav elleve ferjer til Fjord1, ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til France Pélagique. Alt tredje kvartal i år skal ei elferje til Ford1 vere klar frå verfet, deretter to nye ferjer i siste kvartal i år. Kan ta endå meir Endå ei ferje og den pelagiske trålaren skal leverast i første kvartal neste år, deretter skal brønnbåten leverast i andre kvartal, før ytterlegare sju ferjer skal overleverast på tampen av året. – Det er ingen grunn til bekymring. På det meste har vi vore oppe i sju fartøy på eitt år på verftet, og då var det snakk om svært ulike typer fartøy. – Dette skal gå bra, seier Bakke. Han seier at i tillegg til nybyggingskontraktene, tek verftet på seg større reparasjons- og ombyggingsoppdrag. – Vi har kapasitet til å ta endå meir enn det vi dag har i boks, seier han. Held fast på 180 tilsette Men fleire fast tilsette vert det ikkje på verftet, sjølv om det er stor aktivitet. – Nei, vi skal vere 180 fast tilsette, ikkje fleire, seier Bakke. Antal fast tilsette er dermed redusert med 100 frå toppen. – Vi var for mange, og måtte ta ned talet for å ha nok fleksibilitet. Polsk dotterselskap Mykje av arbeidet vert i staden sett ut til det polske dotterselskapet Havyard Product & Services Sp. – Vi har mange tilsette frå dette selskapet på plass i Leirvik. Blant anna tek dei seg av nesten alt elektroarbeid. – I tillegg har vi hyrt inn leigefirma. Vil byggje i Tyrkia Heilt sidan 2006 har Havyard fått bygt skroga ved Cemre-verftet i Tyrkia. Havyard har no tatt levering av Cemre-skrog nummer 46. Samarbeidet held fram. – Vi er godt fornøgde med arbeidet som vert gjort ved Cemre. For oss er det spesielt viktig at vi får levert skroga i tide. Bakke seier at ein likevel følgjer godt med i den politiske utviklinga i Tyrkia. – Vi likar ikkje alt som skjer i Tyrkia, men vi har ingen planar om å velje andre skrogleverandørar. Stor ordrebok Skipsbyggingsdivisjonen til Havyard Group hadde i første halvår i år inntekter på 574,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på minus 7,2 millionar. Ordreboka er på rundt 2,6 milliardar kroner. Fjord1 har betalt 229,4 millionar kroner i forskot på ferjene som skal byggjast på Leirvik.

Vil ha like bra ordningar som tyrkiske verft

No vil dei norske verfta ha like gode ordningar som sine tyrkiske kollegaer, skriv Nett.no. I motsett fall fryktar ein at fleire skipsverft vil seie opp heile eller deler av arbeidsstokken fordi ein ikkje klarer å sikre tilstrekkeleg arbeidskapital og byggjelån til å gjennomføre prosjekta. Det går fram i eit høyringsbrev til Nærings- og fiskeridepartementet etter at regjeringa har hatt ei høyringsrunde rundt GIEK og Eksportkreditt Norge si rolle. I dag kan norske skipsverft få ein byggjelånsgaranti på finansiering av skip på inntil 50 prosent av lånebeløpet i byggjeperioden. Dette meiner Norske Skipsverft er for lite, og foreslår at summen vert auka til 75 prosent og dei totale rammene auka. Gode tyrkiske vilkår Norsk Skipsverft viser til at i Tyrkia er vilkåra betydeleg betre for verfta gjennom finansiering via den statlege eksportkredittbanken Eximbank. Norske Skipsverft meiner å vite at banken både fungerer som byggelånsbank for verftet og sikrar langtidsfinansiering for reiarlaga som byggjer ved tyrkiske verft. “Vi oppfatter at opplegget er basert på ca. 20 prosent innbetaling til verftet fra rederiet og resterende 80 prosent får verftet låne fra Eximbank. Rederiet kan få 10-12 års kreditt med lav rente,” skriv Norske Skipsverft i høyringsfråsegna, og antyder at renta ligg på 1,5 prosent. Norske Skipsverft forstår at både GIEK og Eksportkreditt Norge må forhalde seg til OECD-regelverket, og dermed neppe kan gi vilkår som er betre enn marknaden. Vil ha hjelp med arbeidskapital Men bransjeorganisasjonen oppfordrar styresmaktene om å vere så proaktive som muleg, spesielt i den krevjande omstillingsfasen verftsindustrien er i etter offshore-boomen. I tillegg til auka byggjelånsfinansiering og auka samla rammer, meiner Norske Skipsverft at Eksportkreditt Norge i langt større grad enn i dag bør få anledning til å finansiere opp prosjekt der GIEK gir garantiar. Her vert det spesielt nemnt arbeidskapital og byggjelån. “Det er styrets holdning at i skipsbyggingsprosjekter hvor staten er inne og gir garantier, bør staten også kunne finansiere opp prosjektene. Vi tenker at en naturlig avgrensning mot initiativ fra det private bankvesen ikke er til hinder for en slik praksis,” skriv organiasjonen i høyringsfråsegna. Landsorganisasjonen i Norge støttar i si høyringsfråsegn Norske Skipsverft i kravet om å få auka rammer til lånefinansiering. LO viser til at det knapt finst eitt norskbygt skip der ikkje ordninga er tatt i bruk, og foreslår å doble rammene i byggjelånsordninga.