Kategoriarkiv: Atlantic Sapphire

– Større sjanse for å lukkast med oppdrett på land

Det er mengda av aktørar som no satsar på oppdrett på land som gjer det meir sannsynleg med eit gjennombrot. Dess fleire idear og metodar som blir testa ut, dess større sjanse for at nokon lukkast. Kapitalutvidinga for å få bygd det landbaserte oppdrettsanlegget til selskapet Salmon Evolution i Fræna er det førebels siste steget på vegen mot å flytte oppdrettsanlegg på land. Les også: – Vi produserer laks for Tesla-segmentet Salmon Evolution – med investorar frå Romsdal og Sunnmøre i ryggen – planlegg eit anlegg med ein kapasitet som tilsvarer 22 konsesjonar i sjøen med ein prislapp på over tre milliardar kroner. Det er snakk om eit mellomstor norsk oppdrettselskap, der ein suksess for selskapet også kan bli eit gjennombrot for storskala oppdrett på land. Suksessen er ikkje garantert, men Salmon Evolution er ikke åleine. Verden over etableres det landanlegg for oppdrett. Hva kan det bety for den norske oppdrettsnæringen? Hør episoden av «Det vi lever av»:  Ved Miami i Florida har Atlantic Sapphire, med forretningsadresse i Vikebukt, eit landbasert anlegg under bygging. Målet er å kunne levere 9500 tonn slakteklar laks i midten av 2020, og produksjonen er alt i gang. Selskapet er børsnotert, og blei fredag verdsett til 5,6 milliardar kroner av investorane på børsen. Ber sidan årskiftet har verdien av selskapet auka med over ein milliard kroner. 15. mai i fjor var første dagen Atlantic Sapphire blei handla på børsen. Då var kursen 47,5 kroner pr. aksje. Fredag var sluttkursen 90 kroner. Se listen: Disse selskapene satser på lakseoppdrett på land I Vågsøy er Onshore Farming Solutions i gang med å planlegg eit anlegg i Barstadvika, mellom Raudeberg og Måløy. I Florø er grunnleggarane av INC Gruppen, som blant anna står bak oljebasen Fjord Base, største eigar i Havlandet RAS Pilot, som skal bygge eit pilotanlegg for landbasert oppdrett på base området i Florø. På lang sikt er målet å bygge eit anlegg som produsere 10.000 tonn slakteklar laks i året, skreiv Intrafish i fjor. Det er cirka ein tredjepart av kva Salmon Evolution har som mål å produsere. Selskapet Fredrikstad Seafoods er i gang og bygge eit anlegg i Fredrikstad, som skal han en kapasitet på 6200 tonn laks i året når byggetrinn to er ferdig, skriv Fredrikstad Blad. Morselskapet til Fredrikstad Seafoods, Nordic Aquafarms, står også bak planer om å bygge et landsbasert anlegg i Maine i USA i følge avisa. På Andøya skal Andøya bygge eit anlegg med 10.000 tonn kapasitet, skreiv Andøyposten i november i fjor, då selskapet fekk løyvet til så sette i gang. I tillegg til dette kjem oppdrettselskap si satsing på å la settefisken vekse seg større i smoltanlegga før den blir sett i sjøen. Lærdomen frå dei anlegga er også nyttig for utvikling av heilt landbaserte anlegg. Det same er lærdomen frå lukka anlegg til sjøs. Teknologien som kan brukast i eit lukka anlegg i sjøen kan truleg i stor grad brukast på land. Eit lite reknestykke viser kva som er drivkrafta bak satsinga på land. Å drive oppdrett i sjøen krev konsesjon, og styresmaktene har halde veksten i nye konsesjonar svært låg i fleire år. Grunnen er problem med å handtere lakselus (ein krepseart som lever som parasitt på aure og laks, både vill og i oppdrettsanlegg), røming frå oppdrettsanlegg, miljøbelastning frå fôrspill, kjemikaliebruk og avføring frå fisken. Les også: – Problemet er at når det først går galt, går det veldig galt, veldig fort Samstundes har etterspørselen etter oppdrettslaks gått opp, og verdien av konsesjonane med dei. Skulle Salmon Evolution kjøpt seg konsesjonar i sjøen som gir ein tilsvarande produksjonskapasitet som selskapet planlegg måtte det ut med godt over tre milliardar kroner berre for konsesjonane. Å få konsesjon til å drive på land kostar ikkje noko. Legg til at sjølve oppdrettsanlegga i sjøen ville koste over ein milliard kroner. Då blir ikkje ein prislapp på over tre milliardar kroner for anlegget i Fræna så urimeleg dyr. Men planlegginga må lukkast. Både investorane som har gått inn no og dei som skal inn i neste runde må ta risikoen på at bygginga av anlegget ikkje endar med ein kostnadssmell. Den andre risikoen er sjølve biologien. Den potensielle gevinsten er at oppdrettaren får kontroll på temperatur, kan filtrere vatn som skal inn i anlegget og kan samle opp avfallstoff. Ei ulempe med lukka anlegg – i sjøen eller på land – er at om det først kjem smitte eller andre ugreie ting inn i anlegget, eller teknikken sviktar, kan det gå heilt gale. Risikoen kan reduserast ved at kvar tank med fisk er eit system for seg, drive uavhengig av kvarandre. Om denne risikoen kan reduserast ned til eit nivå som sikrar lønsam oppdrettsproduksjon i stor skala på land gjenstår å sjå, men med alle som satsar på land har i alle fall sjansen blitt større.