Kategoriarkiv: trådløst

No er verdas første ferje med trådlaus lading sett i drift

– Det har fungert kjempefint så langt, seier prosjektleiar Frode Jenset i Wärtsilä til Stord24. Pionerprosjektet starta som eit forskningsprosjekt mellom med Wärtsilä, Apply TB, Cavotec, Fjellstrand og Haugaland Kraft, og er støtta av Innovasjon Norge. Vegen var lang frå å utvikle etablerte teknologien for trådlaus lading, som då avgrensa seg mest til tannbørster og induksjonstopp på konfyren. – Kvantesprang – Skulle me bruke teknologien til ferjedrift måtte me gå langt utover teknologien som eksisterte. Me måtte gjere eit kvantesprang, og det har me klart, fortel Ingve Sørfonn som er ansvarleg for innovasjon og utvikling i Wärtsilä. Resultatet er at MS Folgefonn er den nest største farkosten i verda som vert lada trådlaust, nest etter etter eit jernbaneselskap i Sør-Korea så er. Men til gjengjeld er det fire gonger så stor effekt på ladesystemet til MS Folgefonn. I tillegg er det snakk om ein heilt annan avstand enn i liknande ladesystem. Der det vanlegvis er snakk om centimeter, er det for MS Folkefonn ein halv meter avstand mellom ladestasjonen og ferja under lading. – Det finst jo trådlaus lading i mange samanhenger. Men på ferjer og fartøy i denne størrelsesorden er det første gong dette har skjedd. Både på effekt og avstand ligg me ganske langt framføre alle andre i verda, uansett område fortel Jenset. Slepp vedlikehald Jenset fortel at ein av fordelane med trådlaus lading er at ein slepp det omfattande vedlikehaldet som trengs ved tradisjonell lading med kablar. – På dette ferjesambandet er det rundt 30 anløp kvar dag. Grovt rekna snakkar me då 10.000 pluggingar i året. Ein vanleg ladeplugg held kanskje 2000 gonger før ein må reparere eller skifte ut delar. –  Pluggløysingar er ofte følsame for mekanisk påvirking og vêrpåvirking, og det er jo ikkje vårt system. – Korleis vil de utvikle denne teknologien vidare? – No skal me sjå på høgare effekter, og forsøke å få denne teknologien implementert på fleire ferjer. På denne ferja er det snakk om 1,2 megawatt, noko som er lite i høve til behovet me ser på marknaden. Me har planar om å vidareutvikle dette til mykje høgare effekt. – Veldig spennande Dei som allereie er i gang å sjå på nye prosjekt er Fjellstrand, som står bak Ampere-ferja og som no skal byggje elektrisk ferje mellom Halhjem og Våge. Førebels er distansen for stor for at det her vil bli nytta trådlaus lading, men salssjef Edmund Tolo ser ikkje bort i frå at dei vil nytte teknologien på andre prosjekt. – Å vere med å utvikle kontaktfri straumoverføring har vore veldig spennande for oss. Me har nok ikkje sett det siste innan utviklinga her når det gjeld kapasitet og verkemåte. – No held me på å utvikle Urban Water Shuttle saman med Wärtsilä. Det er ein kjempestor utfordring, spesielt sidan båtane er mykje mindre og skal gå fortare. Dei må ha høgare effekt og mindre plass til utstyr. Her kan det absolutt bli snakk om trådlaus lading, men her er det mange faktorar som skal avklarast, seier Tolo. Les heile artikkelen på Stord24.