Kategoriarkiv: Marint Kompetansensenter

Rekordsøking til læreplasser

 Marint Kompetansesenter blei etablert i 2015 for å samle rekruttering- og kompetansearbeidet til marine bedrifter i Møre og romsdal ein organisasjon. No har medlemstalet passert 130 bedrifter. Dei kjem frå alle deler av marin bransje, frå fiskebåtreiarlag og fiskeeksporteselskap, via utstyrsleverandørar og handel, til tradisjonelle foredlingsbedrifter og bedrifter som lagar omega 3- og proteinprodukt frå restråstoff. I fjor hadde desse bedriftene 164 lærlingar. I år er det venta at 175 får to-årig lærlingeplass gjennom Marint Kompetansesenter, 100 av dei blir tatt inn i årets opptak. Alt på eitt brett Etableringa av Marint Kompetansesenter betydde og ei stor utviding av tilbodet av fag organisasjonen tilbyr lærlingar i, samanlikna med forgjengaren, bransjens opplæringskontor, som var meir retta berre mot det som tradisjonelt blir rekna som fiskaryrke. Mellom anna formidlar Kompetansesenteret lærlingar som udannar seg i kjemi-og prosessfag, laboratoriearbeid og industriell matproduksjon. Industrimekanikarar og automasjons-arbeidarar står og på lista, skriv Nett.no. Fiskeflåten Tilbodet av læreplassar er blitt større, men det er og etterspørselen. I fjor fekk Marint Kompetansesenter cirka 250 søknadar om læreplass, i år venter dagleg leiar Odd Lennart Blindheim at talet på søknadar vil passere 300 med god margin. Grunnen til auken skuldast både at yrke marine næringar er i vinden, men og at det er blitt tøffare i oljerelaterte næringar, spesielt hos offshorereiarlaga. I følgje Blindheim er lærlingeplass i ferd med å bli den viktigaste inngangsporten til yrket for den som vil ha jobb på fiskebåt. Søknadsfristen for tildelinga av lærlingeplass gjennom det offentlege søknadssystemet gjekk ut 1. mars, men Marint Kompetansesenter tek inn søkarar til første tildelingrunde fram til 5. april.