Seismikkselskap planlegg børsnotering
– Timinga ser ut til å vere strålande, seier Jogeir Romestrand til Nett.no.
Han har vore eldsjel og sentral aksjonær i selskapet saman med Houston-baserte Bjarte Bruheim, men har Arne Blystad og Songa Investment som hovedaksjonær med 18,3 prosent av aksjane.
Havila Holding og Jogeir Romestrand-selskapet Rome er nest største aksjonær, kvar med 13,5 prosent, medan Bjarte Bruheim har 13,1 prosent.
Også Remøy Shipping er inne på eigarsida i selskapet som satsar stort på nodeseismikk.
På Utsira har Axxis Geo Solutions allereie henta inn seismikkdata frå eit område som dekker 1560 kvadratkilometer, i eit prosjekt som Aker BP sponsa med 40 millionar USD.
Strategisk samarbeid
Deretter kom seismikk-kjempa TGS – Nopec Geophysical på bana, og inngjekk partnerskap med Axxis om å dekke sentrale deler av Nordsjøen med nodeseismikk, inkludert Utsira-feltet.
Avtalen inneber også sal av 50 prosent av seismikkbiblioteket til TGS, truleg til ein pris som ligg rundt 250 millionar kroner.
– Det ser veldig bra ut. Interessa for våre seismikk-data er stor, seier Romestrand.
Han seier at det vert mange år med aktivitet i Nordsjøen i samarbeid med TGS, i alle fall tre-fire år.
– Vi tek felt for felt, område for område. I Nordsjøen er det tidlegare nesten ikkje tatt nodeseismikk.
Får betre seismikkdata
Axxis har hittil operert med 9.200 noder, som vert lagde i mønster på havbotnen, gjerne med 50 meter mellom nodene, der kvar node sender seismiske data til eit skyteskip.
– Kvaliteten på nodeseismikk er mykje betre enn ved streamerseismikk. Vi kan også auke kvaliteten ved å ha nodene endå tettare, seier Romestrand.
Han opplyser at selskapet er i ferd med å skaffe ytterlegare 6.000 noder, i tillegg til at ein i samarbeid med Evotec har utvikla ei handteringsløysing som gjer at ein kan leggje ut og hente inn nodene i fire-fem knops fart.
– Billeg olje
Han seier at det er stor interesse frå ei rekkje oljeselskap.
– Ein av dei store fordelane med nodeseismikk, er at ein får tatt kvalitetsseismikk tett inntil eksisterande installasjonar.
Han viser til at oljeselskapa har stort fokus på å utnytte eksisterande felt og infrastruktur betre.
– Dette er veldig billeg olje.
Hittil har selskapet tatt i bruk fem skip. Det er Neptune Naiad, som selskapet eig sjølv, i tillegg til Geo Caspian, Havila Fortune, Pasific Finder og Sanco Sword.
Med unntak av Sanco-skipet, er dei øvrige no i arbeid utanfor India etter at Axxis har inngått kontrakt med det India-baserte multinasjonale selskapet Oil and Natural Gas Corporation (ONGS) om nodeseismikk utanfor India.
I Nordsjøen frå april
Samla kontraktssum for dette oppdraget er på 830 millionar kroner (99,9 millionar USD), der rundt 70 prosent av inntektene går til Axxis.
– Til våren skal vi tilbake til Nordsjøen, kanskje allereie så tidleg som 1. april, seier Romestrand.
Han opplyser at selskapet kjem til ha seks til åtte båtar i Nordsjøen.
– Det er ikkje mangel på aktuelle båtar, med unntak av litt knappheit på skytebåtar, seier Romestrand.
Solid ordrereserve
Totalt er det no rundt 150 personar i sving for selskapet, som har den operasjonelle drifta organisert frå Houston.
– Vi forventar at Axxis Geo Solutions vil ha ein kraftig vekst framover, seier Romestrand som opplyser at ordrereserven ved årsskiftet var på vel ein milliard kroner.
