Kategoriarkiv: Norwegian Training Center

– Berre tull at filippinske sjøfolk øydelegg for norske sjøfolk

– At vi har godt utdanna filippinske sjøfolk på norske skip er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar. Siste året har Tomren frå Sjøholt vore nestleiar for Norwegian Training Center (NTC) i Manila. NTC er eit opplærinssenter for alle som vil heve kompetansen til sine sjøfolk. Hovedtyngda er frå Filippinane, men senteret kursar også sjøfolk frå andre stader i verda, inkludert Norge, skriv nett.no. I tillegg er Tomren leiar for eit eige kadettprogram i regi av Norges Rederiforbund, der heldige, nøye utvalde filippinske ungdomar får gratis utdanning på ein av dei fire høgskulane/universiteta programmet samarbeidar med, samt påfyll av ekstra kompetanse ved senteret. Ein av hundre får plass I tillegg får deltakarane garanti om kadettplass i eitt år og jobb i reiarlaget som “eig” kadetten etter fullført utdanning med bachelorgrad og filippinsk navigatør– eller maskinistsertifikat. – Interessa for å delta er enorm. Til neste inntak reknar vi med nærare 20.000 søknader til rundt 200 plassar. – Dei som kjem inn på dette kadettprogrammet, har verkeleg trukke vinnarloddet, seier Tomren. Totalt har NTC kursa rundt 100.000 filippinske sjøfolk sidan senteret vart oppstarta i 1990. I fjor vart senteret kraftig utvida, og har mellom anna 30 komplette Kongsberg-simulatorar med den nyaste teknologien. Ved senteret er der 30 Kongsberg-simulatorar. Foto: Kjetil Haanes   Har berga norske arbeidsplassar Jo Even Tomren har sjølv vore sjømann sidan han starta som messegut som 17-åring. I perioden 2003 til 2012 var han bl.a kaptein i Island Offshore-reiarlaget, men var deretter plattformsjef i Odfjell Drilling og Dolphin Drilling. Tomren seier at han sjølv har vore av dei som har vore kritiske til at filippinske sjøfolk skulle overta arbeidsplassane til norske sjøfolk. – Men dette er berre tull. Utan dei filippinske sjøfolka ville mange av dei norske reiarlaga ikkje hatt ein sjans til å overleve i den internasjonale konkurransen. – Faktisk er det like stor grunn til å hevde at dei filippinske sjøfolka har vore med på å berge norske arbeidsplassar til sjøs. – Ingen kø av norske sjøfolk Han viser til at det i dag er stor mangel på sjøfolk internasjonalt. – Det står i dag ikkje kø av norske sjøfolk til å fylle opp desse plassane, og sjølv med utviklinga av autonome skip vil det vere eit aukande behov for sjøfolk framover rett og slett fordi handelen aukar, folketalet aukar og stadig meir vil verte frakta sjøvegen. I tillegg viser han til at dei filippinske sjøfolka ikkje er med å konkurre om avanserte ‘high end’-oppdrag. – Dei norske sjøfolka har alltid vore i front innanfor nye og avanserte operasjonar. Dette vil halde fram, trass i at det er konkurranse frå filippinske og andre sjøfolk innanfor meir tradisjonelle jobbar til sjøs.