No skal det investerast for Sævik-familien
Fjord1-kjøpet vart ei gullgruve for Per Sævik og familien. Havila Holding hadde eit resultat før skatt på over 1,5 milliardar i første halvår.
– Ja, det er ikkje alt som går dårleg på Sunnmøre, sjølv om det av og til ser slik ut når ein les kva som står i media, seier dagleg leiar Per Sævik i familieselskapet til Nett.no.
Gått etter planen
Størsteparten av det gode resultatet kan tilskrivast Fjord1 gjennom oppkjøp, deretter nedsal og børsnotering.
– Eigentleg har det gått slik vi håpte på då vi i 2011 gjorde første Fjord1-investeringa ved å kjøpe aksjane frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Men året etter lurte vi litt på kva vi hadde gjort då selskapet tapte 100 millionar kroner. No ser det derimot bra ut.
Havila Holding eig 51,5 prosent av Fjord1, eit selskap som no er prisa til fire milliardar kroner på børsen.
– Dei neste åra ser det lovande ut, men vi står framfor store investeringar i nye ferjer, i tillegg til at vi er stadig sterkare inne i turisme. Det vil skje mykje spennande rundt Fjord1 framover.
Solid kapital
Havila Holding har no ein eigenkapital på 2,9 milliardar kroner, dette trass i at selskapet er majoritetseigar i Havila Shipping, som i 2015 og 2016 måtte ta nedskrivingar på samla rundt 2,5 milliardar kroner. I tillegg måtte Havila Holding skyte inn ny eigenkapital.
– Trass offshorenedturen, er vi no godt rusta til å gjere nye større investeringar.
Sævik seier at det er mange som tek kontakt og vil ha Havila Holding med på laget.
ØRSTA: Havila Holding kjøpte Hotel Ivar Aasen i Ørsta for ei krone. Det kan verte meir satsing på reiseliv. Foto: Ogne Øyehaug
– Enkelte dagar kan det vere opp til tre-fire førespurnader. Våre finansfolk har meir enn nok å rekne på.
Ser på utbyteselskap
Nyleg gjekk selskapet inn med 24 millionar kroner i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, ein har sikra seg kontrollen over offshoreselskapet Volstad Maritime og ein var lenge med i prosessen rundt ny eigarstruktur i Kleven.
Sævik seier at ein truleg ikkje vil gå inn i så mange nye gründerbedrifter.
– Vi har brent oss på det før. No ser vi meir etter etablerte selskap som også genererer årlege utbyte.
Men det er ikkje berre Fjord1 som går godt for Havila Holding.
Mellom anna er selskapet tungt inne i investeringar på Færøyane, og eig majoriteten av passasjerskipet Norrøna.
– Spesielt går det no godt med Norrøna, men vi vurderer nye investeringar, seier Sævik.
I Norge har ein ei rekkje eigedomar, hotell og ein er også inne i Hardhaus-reiarlaget i Austevoll som har to fullstrukturerte rignotfartøy. Havila Holding eig også 57,7 prosent av børsnoterte Havyard Group.
Lokale arbeidsplassar
Havila Holding har 9,7 milliardar kroner i gjeld, der den langsiktige gjelda utgjer 7,1 milliardar kroner. Men med ein eigenkapital på nesten tre milliardar kroner, er planen å gjere fleire nye investeringar.
Per Sævik seier at han håper at nokre av investeringane vil føre til fleire arbeidsplassar lokalt.
– Vi er patriotar, men held lovnaden om at hovudkontoret til Fjord1 skal liggje i Florø.
– Derimot kan det verte gjort andre investeringar som vil gi nye arbeidsplassar lokalt. Det er målet.
PS: Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som gir ut NETT NO. Les heile saka Nett.no.
