Kategoriarkiv: Svein Rune Gjerde

Nedturen over for Marin Teknikk

Det kjem høgst sannsynleg til å bli offentlegjort fleire skipsbyggingskontrakter der skipsdesignselskapet Marin Teknikk står for designet i løpet av året, fortel styreleiar og medeigar Svein Rune Gjerde til nett.no. – Vi har ein god del ting på gang, så vi ser ei vesentleg forbetring dette året og neste år, seier Gjerde. I forrige veke kunne han og kollegaene markere offentleggjering av intensjonsavtalen mellom gruveselskapet De Beers og Kleven om bygging av det andre Marin Teknikk-designa spesialskipet for gruvedrift på havbotnen. Meir i vente Den siste permitterte i Marin Teknikk er snart i arbeid, men nedturen for offshorereiarane har gått hardt ut over bemanninga og gjorde også at driftsinntekter og lønsemda fall i 2016. I dag er det rundt 50 på kontoret ved Dragsund i Herøy og 20-25 på kontora i Polen. Det er 15 færre i Dragsund og rundt 25 færre tilsette i Poeln i dag enn før nedturen i offshormarknaden, i følgje Gjerde. Fleire av prosjekta Marin Teknikk arbeider med er det inngått kontraktar på, men dei er førebels ikkje offentlegjort. Fleire marknadar I 2015 hadde Marin Teknikk 15 design på offshoreskip. I 2016 var det eitt og så langt i år ingen offshoreskip. I ei slik situasjon var ikkje til å unngå at det blei færre tilsette, i følgje Gjerde. I dag er merksemda først og fremst retta mot fiskeri, yacht og andre typer skip, men selskapet har og offshore-prosjekt det arbeider med.