Kategoriarkiv: Maritime Management

Her er Ålesunds ukjente seismikkreiar

Det er her “Coastal Odyssey” hamna då Remøy Shipping selde seismikkfartyet tidlegare i haust. Det 12 år gamle skipet har ligge i opplag sidan februar 2016. No går det inn i Maritime Management-flåten og erstattar 1972-bygde Sigma. Maritime Management har tru på eldre farty. Med unntak av “Coastal Odyssey er alle seismikkbåtane bygde før år 2000. – Vi har vore bestemt på å ikkje bygge store og nye båtar, seier dagleg leiar Sigurd Rekkedal til nett.no. Byggestopp Rekkedal trur det vil gå svært lang tid før det blir bygd nye seismikkskip igjen. – Det kjem ikkje til å bli bygd ein einaste seismikkbåt dei neste 10 åra, spår han. Grunnen er overkapasitet i marknaden kombinerte med nye måtar å samle inn seismikkdata på. Ved å plassere lyttestasjonar rett på havbotnen i staden for å slepe lyttekablar etter skip kan oljeselskapa få meir presis informasjon. Det er same metoden som Axxis Geo Solutions satsar på, ein metode som endrar behovet for seismikkskip. Tilfeldig start Maritime Management og skipa i flåten er eigd av Westcon Geo, eit dotterselskap av Westcon Group i Ølen i Rogaland. Westcon Group, som byggjer og vedlikeheld både skip og oljeinstallasjonar, kom inn i shipping litt tilfeldig, fortel Rekkedal. Færre riggoppdrag halverte Westcon-inntektene i fjor Det starta med trålaren Vardberg i 2002. Planen var at den skulle byggast om til seismikkfarty for PGS. Men det blei det ingenting av, og dermed blei verftet sittande med båten. Varberg fiskar no utanfor Mauritania i Afrika. 13 tilsette Kontoret i Ålesund har 13 tilsette, som skaffar oppdrag og tek seg all drift av båtane. På skipa er det omlag 250 sjøfolk. Rekkedal seier dei i stor grad har greidd å halde flåten i arbeid etter oljeprisfallet, men at dei merkar at det er prisane for å leige ut båt og mannskap er pressa.  I gjennomsnitt har ein til to  båtar vore i opplag sidan oljeprisen fall, resten i arbeid.