Kategoriarkiv: Peter Hermanrud

Trur på oppsving for skipsverfta

Sjefsstrategen i Sparebank 1 Markets kom med mange optimistiske spådomar under eit møte i Fosnavaag Shippingklubb. For dei som er inne på verftssida, var han spesielt optimistisk, skriv nett.no. Han viste til at innanfor shipping har bestillingstakta av nye skip nesten stoppa opp. Medan det på det meste vart bestilt 30 prosent nye skip i forhold til eksisterande flåte, var nybyggingsraten siste åra nede på 1,5 prosent av flåten. – Dette er det lavaste nivået sidan vi starta slike målingar på 90-talet, fastslo han. – Eigentleg heilt vilt Samstundes viste han til at stålprisen hadde dobla seg siste to åra, utan at dette hadde ført til prisauke på nybyggingskontraktane. – Dette er eigentleg heilt vilt, sa han. Tror på shipping, rigg og oljeservice i 2018 No såg derimot Hermanrud fleire teikn på at nybyggingsaktiviteten var på veg opp att. – Med fleire kontraheringar, vil også prisen på nybygg stige, fastslo han. – Fantastisk kontantstraum Han meinte også at det nærma seg eit rally innanfor offshore og rigg, og viste spesielt til at oljeselskapa i fjor hadde den beste kontantstraumen sidan 2011, og no har pengar til å gjere store investeringar. – Sjølv med ein oljepris på 70 dollar fatet er det fantastisk god kontantstraum i oljeselskapa. – Eg kjenner minst 1000 menneske med peiling som alle meiner at vi no treng å finne meir olje, og at det no vil løne seg å investere i offshore og rigg. Riggopptur For rigg sin del, meinte han at den store oppturen ville kome rundt eit år etter at oljeprisen snudde oppover. – No har dette gått seks månader, og vi ser at aktiviteten gradvis er på veg oppover. – Akkurat no er 109 riggar i arbeid, mot 250 på det meste. Snart vil vi få stor etterspørsel etter riggar.