Kategoriarkiv: kim sook hyum

Han har mista 10.000 tilsette sidan Aasta Hansteen vart bygd

Både plattformdekket og skroget til Aasta Hansteen-plattforma vart bygd ved Huyndai sitt verft i Sør-Korea. Difor var det fleire representantar frå den sørkoreanske verftsgiganten under dåpsseremonien i Digernessundet utanfor Stord i går. For toppsjefen for offshoredelen av Hyundai Heavy Industries sitt verft i Sør-Korea var det ei spesiell oppleving å sjå det ferdige produktet ved Stord i går. – Fantastisk å sjå – Dersom me ser på dei seperate delane tenkjer eg berre på dei som to gigantiske strukturar. Men når plattforma no er kopla saman får ein kjensla av at ein heilskap, at dette er ein levande skapning. Det er fantastisk å sjå, seier COO Kim Sook Hyum til Stord24.no. Fakta Forlenge Lukke Aasta Hansteen Aasta Hansteen-feltet skal driftes av Statoil fra Harstad, men gassen skal føres i rør 482 kilometer til Nyhamna i Møre og Romsdal. Feltet skal etter planen settes i drift i siste kvartal i 2018. Funnet i 1997. Skulle være operativ ved slutten av fjoråret, men har blitt utsatt. De utvinnbare ressursene er beregnet til 47 milliarder standard kubikkmeter med gass. Aasta Hansteen-feltet ligger i et værutsatt område 300 km til havs nordvest for Sandnessjøen i Nordland, og det krever derfor installasjoner som ligger stabilt selv i svært hardt vær. Aasta Hansteen-plattformen er en såkalt Spar-plattform (vertikalt sylindrisk skrog forankret til havbunnen). Den er den første i sitt slag på norsk sokkel og altså den største i verden. Aasta Hansteen-bygginga var definitivt ein viktig jobb for Hyundai-verftet. Mellom 2000 og 3000 jobba med prosjektet, noko som utgjorde 16.000 at den dåverande totale sysselsettinga på offshore-delen av verftet. – Me har lenge vore veldig interesserte i å jobbe med plattformar i norsk sektor. Difor er me veldig glade for å ha fått høve til å jobbe for Statoil, og me er entusiastiske for å levere eit produkt Statoil er fornøgd med og som møter kvalitetsmåla. Les òg: Kun 20 arbeidere skal holde Aasta Hansteen gående Understellet til Aasta Hansteen brukte to månadar på den lange reisa frå Sør-Korea til Stord i fjor sommar. Foto: Statoil Krisestemning Men for Hyundai-sjefen er Stord-besøket ikkje berre fryd og gammen. Han legg ikkje skjul på skuffelsen over at dei ikkje har vunne fleire norske kontraktar, som Johan Castberg-jobben som nyleg gjekk til Kværner Stord. Dei siste åra har verftet nemleg opplevd ei skikkeleg krise, som får den norske oljekrisa for to-tre år sidan til å bleikne. På to år har verftet mista 10.000 tilsette. Under Aasta Hansteen-bygginga var dei 16.000 tilsette på offshore-delen av verftet. No er talet redusert til 6000. – No har me berre eitt prosjekt igjen i yarden vår, og så vil den stå heilt ledig. Me vil jobbe kontinuerleg for å førsøke å skaffe meir jobb til verftet, seire Hyum. – Kva vil skje med alle dei 6000 tilsette dersom det ikkje kjem fleire kontraktar? – Fram til me klarar å sikre nye prosjekt vil me finne måtar å sikre aktivitet. Det kan til dømes vere å sende arbeidarane på vidareutdanning. Det er likevel skipsbygging som utgjer den viktigste delen av verksemda til Huyndai-verftet, og samla for heile verftet er dei i dag 16.000 tilsette, mot 26.000 for to år sidan. Chief operating officer ved Hyundai-verftet i Sør-Korea Kim Sook Hyum haldt tale under dåpsseremonien. Foto: Jonas Sætre/Stord24 Mykje kritikk Statoil si avgjerd om å bygge plattformar i Sør-Korea har fått mykje kritikk dei siste åra. Fleire meiner Statoil har vore naive når det gjeld kostnadane, og at prosjekta ville bli dyrare enn venta. Ifølgje Teknisk Ukeblad har Statoil betalt hemmelege milliardar til blant anna Hyundai-verftet for at Aasta Hansteen-plattforma skulle bli ferdig tidsnok. – På Aasta Hansteen skal det ha vore snakk om betydeleg store summar, mest sannsynleg på rundt ein milliard kroner per utbetaling, seier ei kjelde til magasinet.