Kategoriarkiv: hybridbåt

Bellona var for lite optimistisk til norsk batteriutvikling

Dagens nyhetsbrev Batteri-utviklinga i skipsfart har overgått Bellona sine forventningar. Rår norske utstyrsleverandørar til å satse på eksport. – Eg er betalt for å vere teknologioptimist, men det hadde gått mykje fortare enn eg hadde trudd, seier Sigurd Enge i Bellona om utvikling av batteribruken til sjøs. Saman med Bellona-kollega Jan Kjetil Paulsen deltek Enge på den fjerde maritime batterrikonferansen, som i år blir arrangert i Ulsteinvik denne veka. Frå leik til forretning Før 2010 var batteridrivne skip ein kuriositet, noko som var brukt i leikebåtar, seier Enge. Slik er det ikkje lenger. Sjøfartsdirektoratet og DNV-GL har utarbeidd standardar og reguleringa som er ein del av grunnlaget for vidare vekst. – No er dette ein moden bransje, seier han. !function(e,t,n,s){var i="InfogramEmbeds",o=e.getElementsByTagName(t)[0],d=/^http:/.test(e.location)?"http:":"https:";if(/^\/{2}/.test(s)&&(s=d+s),window[i]&&window[i].initialized)window[i].process&&window[i].process();else if(!e.getElementById(n)){var a=e.createElement(t);a.async=1,a.id=n,a.src=s,o.parentNode.insertBefore(a,o)}}(document,"script","infogram-async","https://e.infogram.com/js/dist/embed-loader-min.js"); Først i løypa Noreg er ein føregangsland i å ta i bruk batteri i skipsfarten, der store deler av ferjeflåten er i ferd med å bli elektrifisert og der buken av batteri spreier seg inn i nye marknadar. Medan kortare strekningar kan trafikkerast med heilelektriske skip kan til dømes batteri i offshorefarty redusere bruken av fossilt drivstoff fordi batteri blir brukt til til energiforsyning når skipet treng ekstra kraft i kortare periodar. Enge og Paulsen presentert på konferansen også korleis batteri ombord i fôrflåtar i fiskeoppdrett i kombinasjon med dieselaggregat kan reduserer energibruken med 30 prosent. Sats på eksport Paulsen og Enge trur det framleis blir ein stor vekst i bruken av batteri til sjøs i Noreg, men rår aktørane i marknaden om å ta teknologien og kunnskapen sin ut i Europa og heile verda. – No får norske utstyrsleverandørar utnytte fordelen og kome seg nedover (i Europa, red. merk) og tilby sine løysingar, seier Paulsen. Han peikar på både nærskipfarten og ikkje minst elvetrafikken i Europa som ein stor marknad for batteri- og eldriftsteknologi. Treng infrastruktur Eitt vilkår for å få den utviklinga i bruk av batteridrift i skipsfarten som Bellona ønskjer seg er ei stor utbygging av ladestasjonar/landstraumanlegg langs kysten. For å få til meiner Enge og Paulsen at det er naudsynt at staten står for investeringane i staden som i dag – der det er opptil dei einskilde hamnene å gjere det. Den vurderinga heng saman med kapitalbehovet og problemet for dei einskilde hamnene med å få betalt for slike investeringar. Dessutan er det behov for å ha standardiserte løysingar for lading, slik at reiarlaga slepp å investere i ei rekkje ladeløysingar for å få overført straum. Få også med deg: Norge går forbi Tyskland og rykker opp som verdens femte største skipsfartsnasjon målt etter flåteverdier. Det viser fersk statistikk fra Norges Rederiforbund og Menon Economics. (Finansavisen) Ship Finance vokser kraftig i containerskipsfart og kjøper en flåte på 15 feeder-skip. (Finansavisen) Tankmarkedet er fortsatt elendig, men Herbjørn Hanssonmener at NAT likevel ikke har finansiell risiko. – NAT er et av tankrederiene på Wall Street som har minst gjeld per skip, sier han. (Finansavisen)