Kategoriarkiv: Brødrene aa

Brødrene Aa satsar i USA

Målet er å selje Brødrene Aa-båtar i den amerikanske marknaden. – Viss vi ikkje har ein kontrakt i løpet av året bør vi revurdere om det er mogleg å få det til, seier styreleiar Leif Riksheim til Nett.no. Saman med Front Street Shipyard i Maine eig Brødrene Aa marknads- og salsselskapet Arcadia Alliance Inc (70/30), som har arbeidd i USA-marknaden sidan 2016. Må bygge i USA  Regelverket i USA er slik at fartøy som skal brukast i amerikanske farvatn må byggast i USA. Det er grunnen til samarbeidsavtalen med det amerikanske verftet, som har bygd ein hall som er veleigna for bygging av hurtigbåtar, i følgje Riksheim. Planen er at hurtigbåtreiarlag inngår kontrakt med Arcadia Alliance, som i sin tur leiger verftet for å få fartyet bygd. Størst i verda Brødrene Aa er allereie inne i den kinesiske marknaden, og eig eit produksjonsanlegg i Kina saman med Chu Kong Shipping Enterprises Co., som eig 40 prosent av Brødrene Aa. Kinesarane blei tatt inn på eigarsida for å opne dørene inn i den kinesiske marknaden, spesielt rundt Hong Kong. Hong Kong-regionen er kanskje den mest konsentrerte store huritigbåtmarknaden i verda, men samla er USA-marknaden enda større, ifølgje Riksheim.