Offshoreleverandør satsar kraftig – utlysar ein rekke nye stillingar
Då Unitech bestemte seg for å legge det planlagde forsking- og utviklingssenteret til Rubbestadneset var det kanskje nokon som trudde at dette betydde ein reduksjon av selskapet sin aktivitet på Eldøyane.
Men det viser seg å vere langt unna sanninga, skriv Stord24. Unitech er no i gang med ein kraftig utviding av verksemda på Stord, etter å ha brukt det siste halve året på ein betydeleg oppgradering av fabrikken.
– Stord har lenge vore ein viktig del av Unitech og kjem til å bli endå viktigare enn det har vore, forklarar prosjektleiar i Unitech, Gunnar Birkeland.
– Maskin unik i verdssamanheng
120 millionar kroner vart investert i kabelmaskinen i 2012. No er den oppgradert for 20 nye millionar. Foto: Unitech
Unitech investerte 120 millionar kroner i ein maskin i 2012 for å produsere offshore-kablar, såkalla umbilicals. No har maskinen på Stord nyleg blitt oppgradert for 20 millionar.
– Me har bygd om maskinen slik at den kan lage meir komplekse umbilicals med større dimensjonar. Det kan vere umbilicals med 2,5 tonn stålrøyr i midten. Maskinen er heilt unik i verdssamanheng med tanke på å lage spesielle umbilicals.
God marknad
Unitech har mellom anna fått kontraktar på levering på felt i Nordsjøen og på felt i Asia, samt til vindmarknaden, og har eit håp om kontraktar i Brasil.
– Til no har me hatt ein maskinen med ein avgrensa portefølje. No skal me fylle opp kapasiteten på Stord-maskinen. Det er mange umbilicals som skal bytast ut, og det er ein ny og veksande marknad med stabile oljeprisar, og feltutvikling utanfor kvar ein kyst.
– Vil dette også bety fleire tilsette på Stord?
– Jau, det gjer det. Det kjem til å kome stillingsannonser om ei vekes tid med mange stillingar fordelt på Stord, Haugesund og Rubbestadneset. På Stord kan det fort bli fem nye stillingar. Anlegget kjem til å krevje mykje arbeidskraft.
I tillegg kjem Unitech til å bruke mykje underleverandørar, slik at det reelle talet på nye stillingar er langt høgare.
– Me vil nok sysselsetje ti gonger meir enn dei fem som me sjølv vil tilsetje, seier Birkeland.
Unitech har hatt store planar for Rubbestadneset, mellom anna med etablering av teknologidokk, ny kabelfabrikk og eit forskingssenter. Illustrasjon (2017): Unitech
Japansk stålgigant til Eldøyane
Satsinga på Stord har også ført til at dei to japanske stålgigantane Nippon Steel og Sumitomo skal etablere hovudlager av stålrøy for heile Europa-marknaden på Eldøyane.
– No har me ordna det sånn at me får leverandøren sitt lager rett utanfor døra vår på Stord.
Unitech tek på seg risikoen av bygginga av lageret, samtidig som Stord-satsinga fører til dei japanske selskapa får eit innpass i Europa-marknaden.
– Dette gjer me grunna den store pågangen. Når noko går i sund vil det kunne stoppa ned eit heilt oljefelt. I staden for å vente seks månadar, kan me no levere innan nokre veker. For oss er det difor betre å investere i stålrøyr enn i aksjar.
Prosjektleiaren har gleda seg til å fortelje om satsinga på Stord.
– Me har halde korta tett til brystet, og har gleda oss veldig til å offentleggjere dette.
