I vinter teikna Wärtsilä sin største kontrakt nokon sinne med det kanaiske reiarlaget Teekay, som saman skal utvikle eit nytt konsept for tankskip som tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege løysingar for slike type skip, skriv Stord24.
Konseptet er utvikla i Wärtsilä-miljøet på Stord og i Asker, og fører både til økonomiske og miljømessige vinningar ved at ein reduserer bruken av drivstoff og årlege utslipp av CO2 med meir enn 40 prosent samanlikna med eldre generasjonars tankskip.
I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil motorane også kunne køyr på ein blanding av LNG og gassen som fordampar fra oljetankane under lasting, skriv Wärtsilä i ei melding.
For dette er dei no altså nominert til den internasjonale miljøprisen.
– Me er stolte av å kunne bidra med ei fremtidsretta løysing som er med og kuttar både utslepp og utgifter for våre kundar, seier Dagfinn Botnen, leiar for Wärtsilä Power Conversion i Noreg.
Wärtsilä har også levert hybrid framdrift til dei fire nye skytteltankarane Teekay har tinga. Hybridsystemet nyttar batteri for å spara drivstoff, handtere effekttoppar, og tilføre ekstra systemredundans.
Skipa vil bli bygd av Samsung Heavy Industries i Sør-Korea.
Etter å ha vunnet flere anbudskontrakter investerer ferge- og hurtigbåtrederiet Norled over 2 milliarder kroner i flåten, skriver Finansavisen.
– Dette er det største byggeprogrammet i Norleds 163 år lange historie, sier Lars Jacob Engelsen, viseadministerende direktør til avisen.
Rederiet skal bygge 13 nye fartøy, åtte ferger og fem hurtigbåter.
Satser på strøm
Alle hurtigbåtene skal bygges ved norske verft. To skal bygges av GS Marine i Gursken på Sunnmøre, og to av Oma Båtbyggeri på Stord.
To av hurtigbåtene bygges med hybridteknologi, og blir de første i verden i sitt slag.
Av de åtte fergene er det kun én som bygges i Norge. Westcon i Ølen skal bygge en såkalt enskrogs pendelferge i aluminium, som skal være den første i sitt slag.
Nyvinningen skal ta over etter MF Ampere, som var verdens første batteridrevne bilferge. Fergen skal overleveres før november 2019, og settes inn i drift fra januar 2019.
På strekningen Mannheller-Fondnes vil det komme batteriferger som tar 120 biler hver, mens det på trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik blir satt inn tre batteriferger med en samlet kapasitet på om lag 200 biler.
De andre fergene settes inn på strekningene Voldsfjorden, Solavågen-Festøya og Hjellestad-Klokkarvik.
Fergene skal i hovedsak driftes på ren strøm, og leveres med hybrid fremdriftsmaskineri.
Vil bli mer miljøvennlige
Samtidig som rederiet bygger en rekke nye fartøy oppgraderes også deler av den eksisterende flåten for å bli mer miljøvennlig.
Eldre hurtigbåter får nye og mer miljøvennlige motorer, som skal redusere CO2-utslippet med 80 prosent.
MF Folgefonn er den første fergen som er bygget om til hybriddrift med induktiv lading og autodokking.
Norled, som er en av landets første fergeoperatører og nummer fem i verden innen hurtigbåt, ønsker å være en pådriver for bruk av grønn teknologi.
Men å kutte ut diesel fullstendig har rederiet foreløpig ikke tro på.
– I dag er ren batteridrift bare mulig på korte strekninger. Går du for utelukkende batteridrift, betyr redusert fart blant annet på grunn av vektutfordringer. Da må rutestrukturen endres, slik at batteridrift kan tilpasses. Et annet alternativ som diskuteres, er fremdrift basert på hydrogen. Da må også infrastrukturen på land være på plass. Men vi beveger oss i riktig retning hele tiden, sier Bjørn Egil Søndenå, som er regionsjef i Norled.
– Arne er eit unikum. Han har vore sentral i kjøleanlegga i nesten alle bustadkvartera som har gått ut frå Stord sidan 1996, fortel Morten Hegdal til Stord24.
Han er dagleg leiar i Trondheim-selskapet Winns, som spesialiserer seg på leveranse av CO2-baserte kjøle- og varmeanlegg.
Teknologiutviklinga til selskapet har blitt støtta av Innovasjon Norge med mange millionar.
Skal vekse kraftig på Stord
I fjor sommar starta selskapet avdeling på Stord, der Arne Børtveit til no har vore einaste tilsette.
No har Winns akkurat teikna ein storkontrakt med AF Mollier for levering av CO2-baserte køleanlegg på Johan Castberg-skipet, som skal byggast på Stord.
Norsk teknologi skal bidra til økt utvinning på Johan Castberg-feltet
Dermed er selskapet allereie no klare til å satse stort på Stord-avdelinga.
– Me skal vekse betydeleg og har store ambisjonar for Stord. Me ønskjer å tidoble staben på Stord. Me er superinteresserte i å kome i kontakt med alle som har ein lidenskap for miljø og som har CO2 og kjøling i blodet.
– Det største satsingsområdet for Winns er i desse dagar på Stord.
Vil hjelpe bransjen å nå klimamåla
Forretningsmodellen til Winns er produksjon og levering av CO2-baserte kjøleanlegg. Dette er eit svært miljøvenleg og energiøkonomisk alternativ til syntetiske kuldemedium, som er i ferd med å bli utfasa.
– Visjonen vår er å bidra til å nå klimamåla til verda. Me har jobba mykje med å snakke med dei store som til dømes Equinor og Telenor, om risikoen med dei klimaskadelige og til dels giftige gassane. Heilt opp til i dag vert det levert kuldemedium som me veit vil bli utfasa etter 2020. Då kjem dei til å få ei kjempeutfordring.
Norsk heisleverandør stikker av med Castberg-kontrakt
Hegdal fortel at teknologien som Winns leverer gjer at kundane sparar opp til 75 prosent energi, og stor reduksjon i utgiftene knytta til energi.
Så langt er det daglegvarebransjen i Norge som har gått foran med den nye teknologien, der det i dag stort sett berre blir nytta CO2-baserte kjøleanlegg.
No byrjar industrien å kome etter, og det er dette som er bakgrunnen for at Winns ønskjer å satse på Stord.
Winns skal levere kjøleanlegg for Johan Castberg-skipet, som skal byggast på Kværner Stord. Illustrasjon: Statoil
– Spennande region
– Me ønskjer å satse både offshore og onshore. Dette er ein spennande region som veks mykje. Arne sin erfaring frå offshore er jo også unik, som gjer at me får høve til å satse langt utanfor norske grenser.
Hegdal nemner sjukeheimar og burettslag som døme på andre segment der dei ønskjer å levere anlegg.
CO2-teknologien kan også brukast i varmepumper, med ein heilt annan verkningsgrad enn tradisjonelle varmepumper.
– Eit burettslag i Trøndelag sparte 250.000 kroner i året på straumutgifter etter at dei tok i bruk berre éi CO2-varmepumpene. Det er ikkje berre klimavenleg, men supereffektivt energiøkonomisk.
Johan Castberg fortsetter å drysse over norske selskaper
Teknologien til Winns med naturlege kjølemedia er ikkje heilt ny.
Den vart utvika av forskar Gustav Lorentzen frå Trondheim allereie på 1980-talet.
– Allereie då spurte han bransjen kvifor ein ikkje nyttar naturlege kuldemedia. Teknologien var jo til stades. Først no kjem industrien etter. Det handlar om at folk får erfaring med det og ser at det er ufarleg. I tillegg har jo prisane gått kraftig ned, seier Hegdal.
– Ekstremt viktig kontrakt
Arne Børtveit har bygd opp kompetanse frå offshore-basrte kjøleanlegg gjennom mange år.
Då han jobba i Børtveit Elektro på 1990-talet var han sentral i leveringa av kjøle- og frysesystemet på bustadkvarteret til Njord A, som no er tilbake på Kjøtteinen.
Seinare har han vore tilsett i Apply TB, fram til han vart henta inn av Winns i fjor.
At dei no har fått storkontrakt på Johan Castberg kan dei ikkje overdrive betydninga av.
– Dette er ein ekstremt viktig kontrakt. Det er ein milestein for oss å levere anlegga våre offshore for å vise at dei fungerer. Det vil skape en presedens for andre oljeselskap som me kan bruke som referanse. Me er utruleg nøgde med dette, sidan det er snakk om eigenutvikla og eigenprodusert teknologi, seier Børtveit.
– Det er historisk, for det har aldri før blitt produsert og levert CO2-basert dataromskjøling offshore.
Det var like etter den store oljekrisa på 1970-talet, og krise i norsk verftsindustri. Det var også tilfelle på Stord. I tillegg vart det beslutta at Statfjord B-bygginga ikkje skulle til Stord Verft, noko som førte til massepermitteringar og nokre av dei verste kriseåra i verftet si historie, skriv Stord24.
For å motvirke krisa bestemte norske styresmakter seg for å leite opp oljeprosjekt i U-land, og tilby gunstige lånevilkår mot at landa kjøpte tenester frå norske verft. Dette førte til utbygginga av Sèmè-oljefeltet i Benin i Vest-Afrika.
Redning for arbeidarane på Stord
Dette gav etter kvart arbeid til Stord. I 1981 fekk Stord Verft i oppdrag av Saga Petroleum å byggje den einaste «jack-up-riggen» som har vore bygd på Stord: «Amazone».
Ein kjærkomen kontrakt på nær 200 millionar kroner, som gav arbeid til alle dei 1600 tilsette ved verftet.
Men plattformavtala med Norge skulle ikkje vise seg å vere ein god avtale for Benin. Feltet hadde avgrensa inntening, og det meste av inntektene forsvann i renter og avdrag for norske lån. Etter 1998 har det ikkje blitt tappa olje frå feltet.
Det er tydelege oljelekkasjar på riggane i Benin. Foto: Seme Oil Field Project
Tikkande miljøbombe
Men ein fersk FN-rapport sender no mørke skyer over det norskutvikla oljefeltet i Benin. Feltet har ikkje vore i drift på 20 år, og plattformane står framleis og rustar i havet. Dette kjem fram i den nyaste utgåva av Bistandsaktuelt.
Presidenten i det fattige afrikanske landet meiner Norge har eit ansvar for å stanse det han omtalar som ein «tikkande miljøbombe». Det vert frykta omfattande lekkasjer frå oljeledningane frå dei ti oljebrønnane.
– Eit utslepp vil vere svært alvorleg for lokalsamfunn og deira livsgrunnlag langs heile Benins kystline. Plattformane bør fjernast på den eine eller andre måten. Jo før det skjer, jo billegare, seier Muralee Thummarukudy til Bistandsaktuelt, som har skrive den ferske FN-rapporten.
Norske styresmakter har derimot gjentekne gonger avvist landet sitt ønske om hjelp til å rydde opp.
Då Unitech bestemte seg for å legge det planlagde forsking- og utviklingssenteret til Rubbestadneset var det kanskje nokon som trudde at dette betydde ein reduksjon av selskapet sin aktivitet på Eldøyane.
Men det viser seg å vere langt unna sanninga, skriv Stord24. Unitech er no i gang med ein kraftig utviding av verksemda på Stord, etter å ha brukt det siste halve året på ein betydeleg oppgradering av fabrikken.
– Stord har lenge vore ein viktig del av Unitech og kjem til å bli endå viktigare enn det har vore, forklarar prosjektleiar i Unitech, Gunnar Birkeland.
– Maskin unik i verdssamanheng
120 millionar kroner vart investert i kabelmaskinen i 2012. No er den oppgradert for 20 nye millionar. Foto: Unitech
Unitech investerte 120 millionar kroner i ein maskin i 2012 for å produsere offshore-kablar, såkalla umbilicals. No har maskinen på Stord nyleg blitt oppgradert for 20 millionar.
– Me har bygd om maskinen slik at den kan lage meir komplekse umbilicals med større dimensjonar. Det kan vere umbilicals med 2,5 tonn stålrøyr i midten. Maskinen er heilt unik i verdssamanheng med tanke på å lage spesielle umbilicals.
God marknad
Unitech har mellom anna fått kontraktar på levering på felt i Nordsjøen og på felt i Asia, samt til vindmarknaden, og har eit håp om kontraktar i Brasil.
– Til no har me hatt ein maskinen med ein avgrensa portefølje. No skal me fylle opp kapasiteten på Stord-maskinen. Det er mange umbilicals som skal bytast ut, og det er ein ny og veksande marknad med stabile oljeprisar, og feltutvikling utanfor kvar ein kyst.
– Vil dette også bety fleire tilsette på Stord?
– Jau, det gjer det. Det kjem til å kome stillingsannonser om ei vekes tid med mange stillingar fordelt på Stord, Haugesund og Rubbestadneset. På Stord kan det fort bli fem nye stillingar. Anlegget kjem til å krevje mykje arbeidskraft.
I tillegg kjem Unitech til å bruke mykje underleverandørar, slik at det reelle talet på nye stillingar er langt høgare.
– Me vil nok sysselsetje ti gonger meir enn dei fem som me sjølv vil tilsetje, seier Birkeland.
Unitech har hatt store planar for Rubbestadneset, mellom anna med etablering av teknologidokk, ny kabelfabrikk og eit forskingssenter. Illustrasjon (2017): Unitech
Japansk stålgigant til Eldøyane
Satsinga på Stord har også ført til at dei to japanske stålgigantane Nippon Steel og Sumitomo skal etablere hovudlager av stålrøy for heile Europa-marknaden på Eldøyane.
– No har me ordna det sånn at me får leverandøren sitt lager rett utanfor døra vår på Stord.
Unitech tek på seg risikoen av bygginga av lageret, samtidig som Stord-satsinga fører til dei japanske selskapa får eit innpass i Europa-marknaden.
– Dette gjer me grunna den store pågangen. Når noko går i sund vil det kunne stoppa ned eit heilt oljefelt. I staden for å vente seks månadar, kan me no levere innan nokre veker. For oss er det difor betre å investere i stålrøyr enn i aksjar.
Prosjektleiaren har gleda seg til å fortelje om satsinga på Stord.
– Me har halde korta tett til brystet, og har gleda oss veldig til å offentleggjere dette.
Sysla Offshore har fulgt løftet av boreplattformen til Sverdrup: Les om hele operasjonen her!
En ubetinget suksess, sier Ståle Hanssen i Equinor når han skal oppsummere løftet og utseilingen av boreplattformen til Johan Sverdrup. Han har vært ansvarlig for løftet og monteringen av plattformen, og kom med ideen om å bruke skipet. Altetnativet hadde vært betraktelig dyrere og mer tidkrevende.
Les også: Denne løfteoperasjonen har de planlagt i detalj i fire år
– Det var et langt drag i tåkeluren, og mye glede og entusiasme da 22.000 tonn med plattform i løpet av seks sekunder gikk på plass. Det var rett og slett et fantastisk øyeblikk å oppleve.
Foto: Adrian Søgnen / Sysla
Hanssen har jobbet med prosjektet siden november 2012.
– Jeg vil kalle det en modig beslutning å bruke et skip som enda ikke var bygget, til et prosjekt som den gang var budsjettert til over hundre milliarder.
Fakta
Forlenge
Lukke
Johan Sverdrup-feltet
Ligger på Utsirahøyden i Nordsjøen, 160 kilometer vest for Stavanger.
Første fase skal etter planen starte opp sent i 2019.
Andre fase av prosjektet i 2022.
Oljen fra feltet vil bli ført i rør til Mongstad-terminalen i Hordaland.
Gassen vil bli ført til Statpipe og videre til prosesseringsanlegget Kårstø på Karmøy.
Investeringer for første fase anslått til rundt 88 milliarder kroner. Andre fase vil ha investeringen på pluss minus halvparten.
Feltet skal drives med kraft fra land.
Kilde: Equinor
Ikke realistisk i 2012
Hanssen og Equinor hadde mange møter med både partnerskapet for feltet, og Allseas Group som eier skipet, for å få gjennomslag for ideen. Fordi dybden på Johan Sverdrup-feltet er stor, må plattformen ha et stålunderstell. Normalt blir slike plattformer satt sammen offshore, noe som sammenlignet med denne metoden er tidkrevende.
For grunnere vanndybder kan plattformene monteres i en dyp fjord, før den blir slept ut til felt – som Aasta Hansteen-plattformen.
– Det var ingen som trodde dette var et realistisk alternativ i 2012, forteller Hanssen.
Slepte Gullfaks-C i 1989
Ståle Hanssen har lang erfaring med transport av enorme konstruksjoner. I 1989 var han prosjektleder på slepet av Gullfaks-C-plattformen. Den 1,5 millioner tonn tunge betong- og stålkonstruksjonen ble slept ut til felt fra Digranessundet ved Stord, og var den gang det største byggverk som noen gang var flyttet av mennesker, skrev NTB den gang.
Les også: Equinor forlenger Gullfaks C-levetiden med nesten 20 år
I motsetning til boreplattformen til Johan Sverdrup, var Gullfaks-C bygget med 24 betongsylindre som skulle presses 22 meter ned i skråningen av Norskerenna. Den enorme plattformen krevde 11 slepebåter med tilsammen 136.000 hestekrefter.
Les også: Fra denne containeren skrev han norsk offshore-historie
Faksimile fra Stavanger Aftenblad om slepet av Gullfaks C.
Inn i tåkeheimen
Turen fra Bømlafjorden utenfor Stord i Hordaland til Johan Sverdrup-feltet tok elleve timer. Da skipet var på plass tok det kun tre timer å montere plattformen på beina, som allerede var installert tidligere i vår.
– Vi forlot Bømlafjorden med sine 25 grader og utsikt til snødekte fjell, og gikk rett inn i tåken ved Utsirahøyden omtrent klokken to natt til lørdag.
Til tross for sin enorme størrelse hadde ikke skipet problemer med å navigere i den tjukke tåken. Avanserte overvåking- og navigasjonssystemer sørget for å holde skipet i riktig posisjon.
– Vi gjorde en del forberedelser før monteringen, som å sjekke at alle systemene fungerte og fjernet et beskyttelsesdekk på plattformbeina. Klokken 11 på formiddagen tok vi beslutningen om å flytte plattformdekket over beina. Kvart over tolv sto boreplattformen trygt på stålunderstellet.
Sparer en million timer offshore
Ifølge Hanssen er denne metoden en game-changer for industrien. Equinor har selv beregnet at de sparer en million arbeidstimer offshore, noe som har en verdi på nesten en milliard kroner.
Les også: Sverdrup-boring ble 6,5 milliarder rimeligere enn ventet
– Det er en fantastisk oppside for selskapet. Hadde vi ikke hatt denne teknologien kunne vi ikke levert inn en PUD med oppstart i 2019. Denne nye teknologien var selve driveren for planen, sier Hanssen.
Har du sjekket vår nye rigg-tjeneste? Her kan du teste betaversjonen av det nye verktøyet “Riggdata”.
Langsmed kaianlegget på Eldøyane på Stord ligger det rør i lange baner. For det blotte øyet er mengdene utallige. Teller man opp, er det 28.000 rørbiter her på anlegget.
Om kort tid kommer det siste lasset med rør fra produsenten Mitsui i Japan, før totalt 36.000 rørbiter skal fraktes ut og ned på havbunnen.
Synet forteller litt om de enorme dimensjonene Johan Sverdrup-utbyggingen har.
Les også: Johan Sverdrup mer verdt enn først antatt
660 000 fat olje dagen
Johan Sverdrup-feltet ligger 150 kilometer vest av Stavanger, på Utsirahøyden. Herfra skal Statoil legge rør for olje til Mongstad i Hordaland, 283 kilometer nordøstlig retning. Gassrørene skal til Kårstø i Rogaland.
Totalt teller rørene på Norsea 450 kilometer. De er 225 000 tonn tunge, noe som tilsvarer 31 ganger vekten av Eiffeltårnet.
Gjennom rørene skal det på det meste renne 660 000 fat olje. Daglig.
– Det er det største oljerøret på norsk sokkel, både i diameter og lengde. Det er såpass store mengder med olje som skal gjennom at vi ikke har tilsvarende på sokkelen, sier Geir Bjaanes, som er prosjektleder for blant annet rørene.
Bjaanes har også ansvaret for alt annet på Sverdrup-prosjektet som ikke gjelder selve feltinstallasjonen, deriblant eksportrørene, de feltinterne rørene, undervannsinstallasjonene, kraft fra landløsningen og mottaksanlegget for olje på Mongstad.
Foto: Adrian Nyhammer Olsen/Sysla
Starter på Mongstad
I april eller mai skal rørene etter planen fraktes til Mongstad, hvor Saipem-skipet Castorone skal legge rørene. Rørhåndteringsfartøyet er 330 meter langt, og et av de største i sitt slag.
Ilandføringen på Mongstad er gjennom en tunnel på 122 centimeter (48 tommer) i diameter, 300 meter under vann utenfor Mongstad.
Etter de har trukket det 36 tommer brede røret inn i tunnelen, skal de jobbe seg ut fra Fensfjorden og sørover til Utsirahøyden. Når de har kommet til feltsenteret skal de begynne med gassrørene og jobbe seg mot Haugsneset ved Kårstø.
På sitt dypeste vil rørene ligge 537 meter under vannoverflaten, i Norskerenna.
Statoil venter å være ferdig med rørleggingen i august.
Les: Kakefest for Johan Sverdrup-mottak på Mongstad
Halverte kostnader
Rørkontraktene med Mitsui & Co. Norway, Wasco Coating Malaysia og Saipem kom totalt på 2,5 milliarder kroner. Kontrakten med Norsea for mellomlagringen hadde en verdi på 80 millioner kroner.
I februar skrev Sysla om den kraftige kostnadsreduksjonen på Johan Sverdrup-prosjektet. Da plan for utbygging og drift ble godkjent av norske myndigheter i august 2015 var første fase i Johan Sverdrup-utbyggingen anslått til å koste 123 milliarder. I februar var anslaget redusert til til 88 milliarder kroner, ned 30 prosent.
Ifølge prosjektlederen har den valgte løsningen for landfallet på Mongstad vært en stor bidragsyter til kostnadskuttene.
– På mitt område har vi halvert kostnadsanslaget, sier Bjaanes.
– Dette er ein stor dag for Kværner. Og ein stor dag for Stord-samfunnet, og ikkje minst ein stor dag for norsk leverandørindustri. Å investere i eit kaianlegg til 370 millionar etter å ha investert 350 millionar i ein kran er eit ganske kraftig signal på at me har tenkt å bli varande i mange, mange år, sa Steinar Røgenes.
Like etter signerte verftsdirektøren kontrakten for hovuddelen av kontrakten med det Sandnes-baserte entrepenørselskapet Birken & Co. Denne kontrakten går på utdjuping av hamnebassenget og bygging av det nye kaianlegget på verftet. Partane ønskjer ikkje å opplyse om verdien av kontrakten.
Kaien på vestsida av verftet blir forlenga med 266 meter. Det vil føre til 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsområde på vestsida. Heile hamnebassenget skal bli 16 meter djupare.
Signeringa kjem berre nokre veker etter at Kværner blei tildelt kontrakt for bygging av Johan Castberg-plattforma. Nokon som kjend var ei føresetnad for heile prosjektet.
– Castberg var triggerpunktet som gjorde at me fekk gå i gong med utbygginga, seier Røgenes.
Her er ei oversikt over nokon av dei viktigaste kontraktane på Johan Castberg som er blitt utdelt til norske selskaper.
– Var utvidinga ein føresetnad frå Statoil for at de kunne få kontrakten?
– Det var me som kom på ideen om å gjere dette. Me la det inn som ein føresetnad då me prisa jobben med Statoil, men det er ikkje Statoil som har pålagt oss å gjere dette. Då me ga tilbodet sa me at me vil bygge kaien dersom me vinn kontrakten.
Trass i at Kværner investerer fleire hundre millionar kroner i utvidinga, seier Røgenes at det på lang sikt vil spare verftet for mykje pengar.
– Alternativet hadde vore å leige inn tre store lekterar for å få avstand ut frå kaiane, og me måtte ha leigd inn masse kranar og tungløftefartøy for å løfte tunge modular. Det slepp me no, og vil sleppe på framtidige prosjekt.
Les heile saken på Stord24.
Bakgrunnen for salet er at Sunnhordland Naturgass, der Jan Kåre Pedersen er dagleg leiar, likevel ikkje vil bruke arealet til biogassanlegg. Som Stord24 tidlegare har meldt er Apply Leirvik sin nedlagte fabrikk på Seglneset i Sagvåg no den føretrekte staden for eit slikt anlegg.
Kommunen ønskjer å sikre seg meir hamneareal på Eldøyane for å kunne utvikle det til å bli ein større regional hamn, og syner mellom anna til den gunstige plasseringa av hamna, melder Stord24.
Regional hamn
Det blå feltet markerer eigedomen som Sunnhordland Naturgass skal selje. Dei råd felta er eigedommar Stord kommune allereie eig.
– Eldøyane bør ha føresetnader for å kunna utvikla ei attraktiv regional hamn for sunnhordlandsbassenget. Det går, i tillegg til den gunstige plasseringa i leia, på tilstrekkeleg bakareal for lagring, lasting og lossing, god tilgang på tenester til båtar ved kai (verkstad, sørvis m.m.) og god plassering i høve til E39, skriv rådmannen.
Les også: Slik satt kapteinen på land og førte båten i havn
Rådmannen meiner vidare at slike hamneareal kan bli ein knapp ressurs, og viser til at korkje Bergen eller Haugesund har etablert hamnar med tilsvarande landareal som på Eldøyane.
Rådmannen peiker også på at ei utviding på Eldøyane kan vere med på å avlaste situasjonen på Leirvik.
Unngår konflikter
– Mangel på kai og areal vil kunna svekka Stord hamnestell sin posisjon som knutepunkt i Sunnhordland. Leirvik hamn er ikkje eigna for gods og har heller ikkje utviklingspotensiale. Her oppstår også lett konfliktar med naboane til hamna
Stord kommune sikra seg eit tilsvarande større hamneareal på Eldøyane tidlegare i år. Eigedomen som no skal seljast vert sett på som ein forlenging av dette.
I følgje utkastet til kjøpskontrakten vil Stord kommune overta eigedomen 1. februar 2018.
Les også: Enova-millioner til 20 landstrømprosjekter
Det fortel administrerande direktør i Salt Ship Design, Arne Stenersen, til iLaks.
Selskapet, som frå før hadde ei avdeling i Polen, starta opp på Stord med om lag 12 tilsette i 2012. No har dei drygt 30 tilsette i dei topp moderne lokala på Sunnhordlandskaien i Leirvik sentrum.
Skipsdesignar-selskapet byrja i det små, og leverte i byrjinga design retta mot offshore-segmentet. Då oljekrisa inntraff seinhausten 2014, satsa dei for alvor i oppdrettsnæringa. Kjapt fekk dei oppdrag hos verdskjende selskap som Eidesvik og Østensjø.
Maersk-bestilling i 2014
Det var likevel då Maersk dobla ordrelista til det då to år gamle selskapet, hausten 2014, ved å bestille seks ankerhandteringsskip (AHTS), at porteføljen deira for alvor tok form.
– Det er klarta det vart lagt merke til, seier Stenersen.
– Første fase for oss var å etablera oss innan offshore og å få ein portefølje. Deretter byrja me med fiskebåtar, legg han til.
Ny kunnskap
Då dei gjekk inn i akvakultur, var det éin ting som gjaldt: Dei måtte fornya kunnskapsdatabasen. Då reiste dei rundt, intervjua oppdrettarar og kartla deira største operasjonelle utfordringar.
For iLaks summerer dei opp fem punkt:
Dødelegheit og for store verdiar tapt i død fisk.
Store problem knytt til fiskehelse, -hygiene og -kvalitet.
Ineffektiv nedvasking, lasting og lossing.
For lite fleksible båtar, og at dei vert utdaterte ved teknologisk utvikling.
Behov for tryggare båtar som ikkje skadar merdene ved operasjonar.
No vil dei, saman med samarbeidspartnarane, laga framtidsretta båtar, som tek høgde for både effektivisering, fiskevelferd og lågast mogeleg svinn.
– Det har vore ein utvikling med stadig meir komplekse båtar. Dei blir meir kostbare, og dei siste brønnbåtane har vore ekstremt dyre. Me forsøkjer å finna hovudoppgåva til brønnbåtane, og sikte oss inn på det, seier han. Elles blir det fort dyrt, ifølgje Risnes.
Fiskevelferd
Då dei i sommar sikra seg ein kontrakt for design av to brønnbåtar, med opsjon på to til, for reiarlaget DESS Aquaculture Shipping AS i Grimstad, var det fiskevelferd som sto i fokus.
– Fiskevelferda er hovudprioritet, i tillegg til at me har hatt stor fleksibilitet. Me har ikkje hatt ein gamal brønnbåt som me kopierer. Me byrjar med fiskehandteringssystemet, så designar me båten rundt det, seier prosjektleiar Rune Risnes til Sunnhordland.
– Å kombinere fiskevelferd med ein attraktiv pris er nøkkelen, legg Stenersen til.
Og Risnes har tru på fleire prosessbåtar i framtida.
– Det trur me ganske bestemt. Det er stor interesse for det, så det kjem nok meir og meir i større og mindre skala, seier Risnes og Stenersen samstemte.
Engasjerte oppdrettarar
Salt Ship Design tek seg også av det skipstekniske, grensesnitt, og båtens ytre.
– Me skal ikkje påberopa oss å vera ekspert på alle område av fiskehandtering, så difor har me samarbeidd tett med aktørar som Cflow, Havyard MMC, og dei som er kjend i bransjen. Det har vore veldig bra og interessant – på alle måtar. Me har ingen fastlåste ting frå nokon av partane. Oppdrettarane veit kva dei vil ha av funksjonalitet, så å skreddarsy båtar for dei har vore veldig interessant, seier Stenersen.