Golden Energy Offshore Services kjøper to skip til halv pris
Golden Energy Offshore Services kjøper to nye skip fra Kina og skal hente inn meir kapital gjennom ein emisjon, skriv Nett.no.
Kjøpet doblar flåten til det børsnoterte selskapet frå to til fire skip, og selskapet varslar at det kan bli fleire kjøp.
Fakta
Forlenge
Lukke
Golden Energy Offshore Services er notert på Merkur Market, som er ein marknadsplass for mindre selskap.
Golden Energy Offshore Services er ein del avGolden Energy Offshore Management-systemet, som har hovedkontor i Ålesund.
Refinanseringa av Golden Energy Offshore Services vart gjennomført i fjor då obligasjonsgjeld på 220 millioner kroner vart omgjort til eigenkapital.
Børsnoteringa gjer at dei tidligare obligasjonslångivarane får ei enklare mulegheit til å selje seg ut av selskapet, om dei ønskjer det.
Greske Victor Restis er hovudaksjonær i morselskapet Golden Energy Offshore Management. Han eig 85 prosent, administrerande direktør Per Ivar Fagervoll kontrollerer resten.
kjelde: Nett.no
– Dette steget er det første av mange steg for å sikre kvalitetstonnasje for å skape større verdiar for aksjonærane i selskapet. Eg ventar at dette vil auke interessa for aksjen hos investorar, seier administrerande direktør Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore Services.
17,5 millionar dollar
Dei to skipa blir kjøpt frå verftet Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co., Ltd i Kina. Golden Energy har frist ut året til å få finansieringa på plass, men målet er å kunne overta skipa før.
Prisen er 17,5 millionar dollar, cirka 145 millionar kroner, for kvart av dei to 83 meter lange fartya, som er såkalla multipurpose plattform supply vessels. Det betyr forsyningskip som også kan utføre lett konstruksjonsarbeid. Fartya kan og utrustast – til ein “lav kostnad” – til å kunne utføre inspeksjon, vedlikehald og reparasjonsoppdrag, i følgje børsmeldinga.
– Det er lenge sidan det har vore så mykje aktivitet på forespørselssida som sist vinter, seier Per Ivar Fagervoll, toppsjef i Golden Energy Offshore-systemet.
Selskaper går i første omgang ut og søkjer etter rundt 20 nye tilsette.
Fleire beilarar
Det er to skip Golden Energy Offshore-systemet kjenner godt som no blir tatt over av Golden Energy Offshore for cirka 145 millionar kroner pr. skip.
Eit anna selskap i systemet kontraherte skipa for levering i 2016. Men slik marknaden utvikla seg blei overleveringa lagt på is.Fagervoll seier det var fleire interessentar til skipa og at det er i ferd med å bli færre attraktive skip å finne hos kinesiske verft for norske reiarlag.
– Viss ikkje vi hadde tatt dei no hadde andre tatt dei, seier han.
Interessa for å ta over ferdige, men ikkje overleverte skip, og at reiarlag tek skip ut av opplag er signal om at noko er i emning, etter Fagervoll si vurdering.
Tidspunktet er rett og prisen er rett seier han om avtalen med det kinesiske verftet.
