Kategoriarkiv: Myklebust Verft

Vedlikehald sikrar jobbane hos Myklebust verft

Nyleg fekk FosenNamsos Sjø levert den andre av to ferjer reiarlaget tinga hos Myklebust Verft i Møre og Romsdal. Den andre ferja ble overlevert tidlegare i år. Dermed er det slutt på nybygging hos Myklebust Verft inntil vidare, etter at verftet har levert ni nybygg på rekke og rad frå og med august 2017. 120 tilsette I løpet av dei siste månadane er tilsette som har slutta ikkje blitt erstatta. Arbeidsstokken er redusert frå rundt 150 til 120, og med dagens oppdragsmengde er det arbeid til alle. – Førebels er det vår vurdering at dette skal går bra, seier administrerande direktør Inge-Jonny Hide til Nett.no Les også: Skal byggje skip for 23 milliardar Berre i løpet av dei siste vekene har verftet fått ei rekkje vedlikehaldsoppdrag og ordreboka er godt fyllt opp ut første kvartal neste år. Verftet har og oppdrag i resten av 2019, men ikkej i same omfang som i første kvartal. Hide seier vedlikehald- og ombyggingsmarknaden krev ein annan måte å jobbe på for verftet. – Det blir ein heilt annan dynamikk, seier han. Eigne bein Etter 17 år som ein del av Kleven-konsernet står no Myklebust Verft på eigne bein etter at Hurtigruten-aksjonærane tok over eigarskapen i Kleven Verft. Det er aksjonærane i Kleven Maritime Holding som eig Myklebust Verft. Mellom dei aksjonærane er også Petter Stordalen og dei øvrige aksjonærane i Hurtigruten. Les også: Omstillinga i ferd med å løne seg

Etter tre år med tap har verftet fått orden på økonomien

I 2017 vart resultatet før skatt på minus 77 millionar kroner, femti millionar kroner meir i tap enn året før. På tre år har verftet hatt eit driftsresultat på minus 131 millionar kroner, og selskapet kom i brot med lånevilkåra. Men no ser styret lysning, blant anna etter at eigarane har skote inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital, ein har fått tatt opp eit nytt langsiktig lån på 10 millionar kroner og fått auka byggjelånsramma. Minkar på oppdrag Hjørnesteinsbedrifta i Sande er no skilt ut frå Kleven-konsernet, der Hurtigruten-aksjonærane har overtatt fullt eigarskap av Kleven Verft i Ulstein. Myklebust Verft er 100 prosent eigd av Kleven Maritime Invest, Det betyr at Hurtigruten-aksjonærane  framleis inne på eigarsida på Myklebust Verft, saman med blant anna Inyard Invest med Åge Remøy i spissen og John Kleven as, med Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven som eigarar. I tillegg er Per-Christian Kroepelien Lillebø og H-Invest medeigarar. Myklebust Verft hadde ei omsetning på vel 1,5 milliardar kroner i fjor, og leverte då to brønnbåtar til Sølvtrans og to trålarar til Deutche Fischfang-Union. Hittil i år er det levert ein slaktebåt til Dess Aqua, ein trålar til Gitte Henning, hekktrålaren Kirkella og ein hekktrålar til eit fransk selskap. I november skal det leverast to ferjer til Namsos Sjø, men deretter har ikkje verftet fleire nybyggingsoppdrag. Les her: Jaktar nye jobbar 26 prosent frå utlandet Verftet sysselsette ved siste årsskifte 148 årsverk, der 26 prosent av arbeidsstokken hadde utanlandsk opphav. Styret skriv i årsmeldinga at sjukefråveret i 2017 var på 7,2 prosent, noko ein ikkje er nøgd med. Ved vertftet var det også ei dødsulukke i mai i fjor, då ein tilsett frå eit leigefirma fall ned i dokka frå ein båt. Styret opplyser at det er sett i verk skjerpa sikkerheitsrutiner ved arbeid i høgda, i tillegg til at det er innført skjerpa reaksjonar ved brot på rutinene. Selskapet hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 672 millionar kroner. Eigenkapitalen var på 49,2 millionar kroner.