– Offshoremarknaden er tilnærma dødt
– Ja, gjekk det bra med seks av dei sju båtane vi var inne i 2017.
– Det er også situasjonen i år.
Det seier dagleg leiar Jostein Sætrenes i Shipsinvest, eit finansielt reiarlag han starta i 2010, til Nett.no.
Utbyte på 8,5 – 9,0 prosent
Totalt er det 58 aksjonærar i selskapet, der brorparten er frå nærområdet. Sætrenes er sjølv av dei største aksjonærane.
Målet har vore å utbetale eit aksjonærutbyte på 7,5 årleg. Det har selskapet klart.
– Vi har hatt eit snitt mellom 8,5 – 9,0 prosent frå 2011.
I starten var det målet å vekse raskt, og ein såg spesielt for seg store mulegheiter i offshore, men her stoppa det opp.
– Offshoremarknaden er tilnærma dødt og vert i praksis styrt av bankane.
– Enkelte synst vi er dyrt alternativ
Sætrenes seier at dei er eit alternativ til selskap som treng ein finansiell partner, eller treng å frigjere kapital for å gjere andre investeringar.
– Enkelte synst kanskje vi er eit dyrt alternativ, medan andre ser mulegheiter i denne typen løysingar.
Totalt har selskapet sju skip. Selskapet er 100 prosent eigar av dei to brønnbåtane Christine og Roy Christian, samt er 40,9 prosent eigar av Inter Caledonia. Dei tre brønnbåtane er chartra av Interfish.
I tillegg eig ein 70 prosent av fleibruksskipet Havila Troll, som er utleigd til Havila Shipping og Equinor, og 25 prosent a offshore konstruksjonsskipet Grand Canyon og 34 prosent av Grand Canyon II, begge under chart av Canyon Offshore.
– Vi sig sakte framover
Det sjuande skipet gjeld den ti år gamle ankerhandteraren MV Seacore Grant, som no opererer i spotmarknaden.
Sætrenes seier at det no ligg til rette for at det kjem inn to nye skip i løpet av hausten.
– Målet er å vekse, og vi sig sakte framover. Kanskje litt seint, men uansett med greie resultat.
