Kategoriarkiv: Fitjar Mekaniske Verkstad

Her blir slaktebåt-teknologien forbetra i rekordfart

«Taupo», som den nye båten heiter, skal gå for SalMar frå 1. januar. Fakta Prosessbåt-konseptet går ut på at fisken slaktes/bløgges i fabrikk om bord, og kjøles raskt ned til ønsket kjernetemperatur. I forhold til brønnbåttransport reduseres fiskens stress og dødelighetsrate, og smittefare generelt sett. Prosessbåt metoden er svært fordelaktig i tilfeller med fisk med redusert helsetilstand pga sykdom , avlusningsoperasjoner etc. kilde: iLaks – Sjølv om konseptet ikkje er nytt, så vil «Taupo» vere ein av dei første båtane som er designa og bygd berre for dette formålet. SalMar har alltid vore i front på test av nye metodar som skal optimalisere drift, og me ser eit potensial i dette og ynskjer å teste det ut i eigen organisasjon, seier Olav-Andreas Ervik, administrerande direktør i SalMar, til iLaks. Rivande utvikling Napier har på sitt vesle kontor ved Langevåg på sør-Bømlo i Hordaland blitt verdsleiande på prosessbåt-teknologi med sin «Tauranga».  Napier eig og driv fartyet  som sidan 2008 har gått som prosessbåt for Marine Harvest. No vert den andre i rekka, «Taupo», snart klar. Neste sommar kjem «Taupiri». – Den har me ikkje kontrakt på enno, så det jobbar me med, seier dagleg leiar i Napier, Kjetil Tufteland, til iLaks. – Kvar båt har betydelege forbetringar i teknologi. Vasketid og alt går ned på kvar båt. Det ei rivande utvikling, men dei ser tilsynelatande like ut. Saka held fram under biletet. Dagleg leiar i Napier, Kjetil Tufteland. Her utanfor kontorbygget ved Langevåg på sør-Bømlo. FOTO: Ole Alexander Saue. Bratt kurve – Korleis kan det vere så stor skilnad mellom to båtar som vert ferdigstilt med eit halvt års mellomrom? – Dette er så nytt, så grafen går bratt oppover i byrjinga. Deretter vil det flate ut. Brønnbåtar er utvikla over 40 år, så der er det liten forskjell frå ein båt til ein annan. Både «Taupo» og «Taupiri» vert bygd lokalt hos Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) på Fitjar.. For knapt to veker sidan vart «Taupo» sjøsett, og allereie i byrjinga av desember skal båten prøvast ut, før den skal gå på kontrakt for SalMar frå 1. januar. – Her er det berre å henge med Verftsdirektør Hugo Strand meiner det er stor utvikling i oppdrettsbåtar, og at teknologien berre vil bli betre og betre. Dei byrja med arbeidsbåtar i 2010, og signerte sin første avtale for brønnbåtbygging i 2014. – Me trur at det vil vere behov for både brønn- og prosessbåtar. Det vert berre meir og meir fokus på fiskevelferd, helse og kvalitet. Det er då ny tonnasje, fabrikkar og metodar for avlusing kjem. Det er heile tida i utvikling. Me trur ikkje utviklinga har sett sin ende. Det er ein haug med faktorar som driv fram betre båtar, nye løysingar og betre utstyr. Her er det berre å henge med, seier Strand. Saka held fram under biletet. Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verksted. FOTO: Ole Alexander Saue. Ervik i SalMar opplyser til iLaks at dei sjølv vurderte å kontrahere eigen brønnbåt, men endte til slutt opp med Napier sin «Taupo». – Me landa på at me på noverande tidspunkt er betre tent med å la dei som er spesialistar på dette fagfeltet ta seg av bygging og drift av både brønnbåtar og prosessbåtar, seier Ervik til iLaks. Kan endre oppdrettsnæringa Dei har enno ikkje vurdert fleire båtar med tilsvarande teknologi. Likevel er dei klar over at dette er teknologi som kan endre oppdrettsnæringa betydeleg. – Er dette framtida? – Det vil tida vise. Erfaringane me haustar med Taupo vil etter kvart gi oss ein god peikepinn på dette, seier Ervik.