Kategoriarkiv: Steinar Røgenes

Har spart inn halve kostnaden til «Storen» på Stord

– Me har nesten betalt inn halve kranen berre på innsparte timar på dette prosjektet her. Det er ganske formidabelt. Det er første gong me har greidd å endre heile gjennomføringsmetoden, seier Røgenes til Stord24. – Ein ting er å investere i anlegg, men når dette endrar måten folk jobbar på så er det verkeleg imponerande å sjå. Då får me utteljing for det. «Storen» har kapasitet til å løfte 1050 tonn, noko som gjer at han kan løfte ferdige strukturar som var utenkeleg berre for få år sidan. – Går me tilbake til Edvard Grieg-plattforma, som berre er for få år sidan, ville ein struktur på 1000 tonn vore fordelt på 16-17 ulike seksjonar som hadde blitt heist om bord på plattforma. No gjer me det ferdig på bakken, seier Røgenes. – I staden for å bygge med Lego har me no bygd med Duplo. Det fører til mindre sveising og mindre arbeid. Norges største hotell til havs Denne veka var det burger, brus og underhaldning for dei tilsette som har vore med å bygge Johan Sverdrup-bustadkvarteret. Norges største hotell til havs vart ferdigstilt på Kværner Stord mandag. Plattforma vart offisielt overlevert til Equinor i førre veke, og driftsavdelinga for Johan Sverdrup har starta jobbe med testing av alt utstyret om bord. – Eg har aldri sett ein plattform med denne ferdigstillingsgraden seks månadar før den skal sendast ut, sa prosjektdirektør Jan Tore Elverhaug i Kværner under markeringa. Foto: Jonas Sætre/Stord24 Tilsette blei heidra Sjølv om det er eit halvt år før plattforma skal sendast vekk frå Stord, blei dei tilsette frå Leirvik AS, Kværner og andre underleverandørar heidra på toppen av plattforma, inne i helikopterhangaren. Her vart det rigga til scene. Det var det lokale Stord-bandet Myhres PPT som sto for musikken, med Sissel Johnsen som gjestevokalist. Ho arbeider til vanleg i Leirvik AS, og har sjølv vore med på bygginga av bustadplattforma. Fleire hundre arbeidarar var samla i helikopterhangeren på toppen av Johan Sverdrup-plattforma. Foto: Jonas Sætre/Stord24 – Kjempevellukka – Dette har vore kjempevellukka, seier konserndirektør med ansvar for prosjektgjennomføring i Kværner, Elly Bjerknes, om Sverdrup-jobben.  Ho trekkjer fram det tette samarbeidet prosjektleiinga med både Equinor, Leirvik AS, KBR og andre undervegs. Bustadplattforma er nemleg ikkje berre ein bustadplattform, men er sjølve hjartet til dei fire samankopla plattformene. Her er mellom anna kontrollrommet. – Det er spesielt at det har vore grensesnitt mot alle dei andre plattformene på feltet. Me sit med alle hjelpesystema som skal førast til dei andre plattformene, så det har vore veldig mykje samarbeid mot dei andre leverandørane, seier Bjerknes. Prosjektansvarleg for Johan Sverdrup i Kværner, Elly Bjerknes og administrerande direktør ved Kværner Stord, Steinar Røgenes. Foto: Jonas Sætre/Stord24 – Nok med arbeid framover Jobben med Johan Sverdrup har på det travlaste gitt arbeid til 2000 personar. Røgenes trur likevel ikkje det blir noko stor overgang for dei tilsette når Sverdrup skal forlate verftet rundt 20. mars neste år. – Det er det som er ulempa med å levere i tide, då må du ha nytt arbeid. Men heldigvis har me nytt arbeid. Me har framleis eit år igjen på Njord, og me byrjar no til vinteren både med Castberg og ein modul til fase 2 til Sverdrup. – Så de kan forsikre at det ikkje blir noko permitteringar etter Sverdrup? – Nei, eg kjem aldri til å forsikre det. Men det ligg ingenting sånt i korta no. Me har godt med grunnarbeid framover. Det er full aktivitet no heile vegen. Det blir ikkje noko pustepause her. Sjå bilete frå innsida av bustadplattforma hos Stord24!