Kategoriarkiv: Kværner Stord

Kværner kjøper verftsområdet på Stord

For ei tid tilbake gjekk Selvaag Bolig offentleg ut i Dagens Næringsliv og etterlyste oppkjøparar av industriområdet på Kjøtteinen på Stord. No er det klart at det er Kværner sjølv som blir kjøparen, skriv Stord24. – Oppkjøpet gjer at Kværner blir eineiegar av selskapet som gjennom dotterselskapet Stord Industribygg AS eig kontorbygget på Bleikjehaugen, leirområdet ved Naustvågen og Kjøtteinståa med tilhøyrande bygningar, opplyser selskapet i ei melding. Med denne transaksjonen eig verftet no eit areal på 123 000 m2 og 10 000 m2 i kontorareal. Kjøpet vert gjennomført i tredje kvartal 2019. – Selvaag Bolig er godt nøgde med at Kværner no tekk over eigarskapet i Stord Industribygg ettersom verksemda til dette selskapet ikkje er innanfor vår kjernevernsemd, som er bustadutvikling og bustadygging, seier Sverre Molvik i Selvaag Bolig. – Tilgang på eigna areal og fasilitetar vil vere viktig når me skal utvikle framtida sitt Kværner. Investeringa gir Kværner kontroll på naudsynte fasilitetar, og vil redusere risiko forbunde med eksterne lager- produlsjons- og kontorfasilitetar seier konserndirektør Steinar Røgenes.

Avvik på Njord: – Mangelfull styring av arbeidsmilljø

Det var i midten av november i fjor at Petroleumstilsynet førte tilsyn med Njord A, som ligger ved Kværner Stord sitt verft for modifikasjoner. Tilsynet var en del av modifikasjonsprosjektet for Njord A, som skal gi innretningen lenger levetid på feltet, skriver Petroleumstilsynet i sin tilsynsrapport. Flere avvik Tilsynet har identifisert følgende avvik og forbedringspunkt på Njord A: Mangelfull styring av arbeidsmiljø Manglende overordnet filosofi for materialhåndtering Manglende samsvarsmåling mellom nytt og gammel regelverk innen materialhåndtering Organisering av operasjonelt ansvarlig og mulighet for å klarere og lede på en forsvarlig måte – Omfang av modifikasjoner i boremodulen har blitt endret og utvidet underveis i prosjektløpet. Samtidig har en ikke fått tilpasset og systematisert oppfølgingen av arbeidsmiljø til det nye arbeidsomfanget, heter det i rapporten. Tilsynet peker også på en rekke forhold hvor en har tatt valg som ikke har vært optimale med sikte på godt arbeidsmiljø. – Selv om det er sent i prosjektet, er det likevel en rekke beslutninger med arbeidsmiljømessige konsekvenser som ikke er tatt, skriver tilsynet. – Ikke fulgt opp systematisk Det trekkes også frem at materialhåndteringen på innretningen ikke er sett på som en helhet som dekker både den eksisterende delen av innretningen, og det som inkluderes i prosjektet som følge av endringer eller modifikasjoner. Videre skriver tilsynet at Equinor ikke har fulgt opp prosjektet på en systematisk måte for å sikre beslutninger som gir et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, og at beslutningsgrunnlaget for tiltak ikke har vært tilstrekkelig. Petroleumstilsynet har bedt Equinor redegjøre for hvordan de vil håndtere avvikene som er identifisert. Fristen er satt til 4. april.

Har spart inn halve kostnaden til «Storen» på Stord

– Me har nesten betalt inn halve kranen berre på innsparte timar på dette prosjektet her. Det er ganske formidabelt. Det er første gong me har greidd å endre heile gjennomføringsmetoden, seier Røgenes til Stord24. – Ein ting er å investere i anlegg, men når dette endrar måten folk jobbar på så er det verkeleg imponerande å sjå. Då får me utteljing for det. «Storen» har kapasitet til å løfte 1050 tonn, noko som gjer at han kan løfte ferdige strukturar som var utenkeleg berre for få år sidan. – Går me tilbake til Edvard Grieg-plattforma, som berre er for få år sidan, ville ein struktur på 1000 tonn vore fordelt på 16-17 ulike seksjonar som hadde blitt heist om bord på plattforma. No gjer me det ferdig på bakken, seier Røgenes. – I staden for å bygge med Lego har me no bygd med Duplo. Det fører til mindre sveising og mindre arbeid. Norges største hotell til havs Denne veka var det burger, brus og underhaldning for dei tilsette som har vore med å bygge Johan Sverdrup-bustadkvarteret. Norges største hotell til havs vart ferdigstilt på Kværner Stord mandag. Plattforma vart offisielt overlevert til Equinor i førre veke, og driftsavdelinga for Johan Sverdrup har starta jobbe med testing av alt utstyret om bord. – Eg har aldri sett ein plattform med denne ferdigstillingsgraden seks månadar før den skal sendast ut, sa prosjektdirektør Jan Tore Elverhaug i Kværner under markeringa. Foto: Jonas Sætre/Stord24 Tilsette blei heidra Sjølv om det er eit halvt år før plattforma skal sendast vekk frå Stord, blei dei tilsette frå Leirvik AS, Kværner og andre underleverandørar heidra på toppen av plattforma, inne i helikopterhangaren. Her vart det rigga til scene. Det var det lokale Stord-bandet Myhres PPT som sto for musikken, med Sissel Johnsen som gjestevokalist. Ho arbeider til vanleg i Leirvik AS, og har sjølv vore med på bygginga av bustadplattforma. Fleire hundre arbeidarar var samla i helikopterhangeren på toppen av Johan Sverdrup-plattforma. Foto: Jonas Sætre/Stord24 – Kjempevellukka – Dette har vore kjempevellukka, seier konserndirektør med ansvar for prosjektgjennomføring i Kværner, Elly Bjerknes, om Sverdrup-jobben.  Ho trekkjer fram det tette samarbeidet prosjektleiinga med både Equinor, Leirvik AS, KBR og andre undervegs. Bustadplattforma er nemleg ikkje berre ein bustadplattform, men er sjølve hjartet til dei fire samankopla plattformene. Her er mellom anna kontrollrommet. – Det er spesielt at det har vore grensesnitt mot alle dei andre plattformene på feltet. Me sit med alle hjelpesystema som skal førast til dei andre plattformene, så det har vore veldig mykje samarbeid mot dei andre leverandørane, seier Bjerknes. Prosjektansvarleg for Johan Sverdrup i Kværner, Elly Bjerknes og administrerande direktør ved Kværner Stord, Steinar Røgenes. Foto: Jonas Sætre/Stord24 – Nok med arbeid framover Jobben med Johan Sverdrup har på det travlaste gitt arbeid til 2000 personar. Røgenes trur likevel ikkje det blir noko stor overgang for dei tilsette når Sverdrup skal forlate verftet rundt 20. mars neste år. – Det er det som er ulempa med å levere i tide, då må du ha nytt arbeid. Men heldigvis har me nytt arbeid. Me har framleis eit år igjen på Njord, og me byrjar no til vinteren både med Castberg og ein modul til fase 2 til Sverdrup. – Så de kan forsikre at det ikkje blir noko permitteringar etter Sverdrup? – Nei, eg kjem aldri til å forsikre det. Men det ligg ingenting sånt i korta no. Me har godt med grunnarbeid framover. Det er full aktivitet no heile vegen. Det blir ikkje noko pustepause her. Sjå bilete frå innsida av bustadplattforma hos Stord24!  

No fraktar ferja verftsarbeidarar til plattform

– Ja, dette er ein draumejobb, seier eigar Terje Kragset til Nett.no. Ferja er oppgradert til oppdraget på Stord, mellom anna med 20 kontorplassar. Foto: Fjord-kongen Kjøpt på tvangssal For to år sidan kjøpte statslosen i Stavanger den 58 meter lange og ti meter ferja på tvangssal av Stord kommune for 1,3 millionar kroner. Då hadde ferja lege ved kai i Stord i over to år. Planen var å drive med fjordcruise, arrangere festar og i tillegg drive klessal i regi av kona Karin som i ei årrekkje har drive med motebutikkar. – Ikkje motekle eller alkohol Men no vert det lenge til neste partytur for Fjord-Kongen. – Ja, no er det verken alkohol eller franske motekle om bord, seier Kragset. To gongar om dagen fraktar Fjord-Kongen arbeidarar til og frå SPAR-understellet til Aasta Hansteen-plattforma. I mellomtida ligg ferja inn til lekteren. Foto: Fjord-kongen Oppdraget på Stord fekk Kragset gjennom ein tidlegare eigar av ferja. – Ferja var ein periode på 80-talet eigd av Nils Agasøster, som har drive med skyssbåtar i rundt 50 år. Det var han som tipsa om at denne ferja kunne brukast til å frakte verftsarbeidarar til plattforma. – Kontrakten er inngått gjennom han. Store dimensjonar SPAR-understellet kom i slutten av juni med verdas største tungtransportfartøy Dockwise Vanguard, og i Digernessundet skal Technip FMC og Kværner Stord sluttføre arbeidet. For å gjere dette, trengst det transport av eit stort antal arbeidarar til og frå. – Fjord-kongen transporterer dagskiftet ut klokka sju om morgonen, og kveldsskiftet ut klokka sju om kvelden, og ligg i mellomtida ved lekteren og fungerer mellom anna som kontor og kantine for arbeidarane. Kontorplassar Til oppdraget har Kragset oppgradert ferja, mellom anna med konferanserom, 25 kontorplassar, garderobe og kiosk. – Det er berre vellætte å høyre hittil, seier Kragset. Han trur det kan verte ei stund til neste fjordcruise. – Kanskje kjem eg ikkje nordom Stadt igjen før Stad skipstunnel er opna? – Uansett håper eg at det kan opne seg for fleire slike oppdrag som vi har no. Bamse-Brakar Fjord-kongen er tidlegare Bamse Brakar, som i ei årrekkje trafikkerte strekninga mellom Aker Brygge i Oslo og Nesodden. Før det heitte ferja Digernes, og før det igjen Kleppestø. I 2016 gjekk selskapet bak Fjord-kongen 1,3 millionar kroner i pluss etter ei omsetning på 4,6 millionar. – I år snakkar vi om heilt andre tal, seier Kragset. Han eig sjølv 60 prosent av selskapet, medan Arve Jøssing eig 20 prosent og Ole Saltsen frå Sverige 15 prosent og Borger Borgenhaug 5 prosent.