– Omstillinga i ferd med å løne seg
– Ja, det ser langt lysare no enn for eitt år sidan.
Ho seier at det er spesielt stor interesse innanfor offshore vind, men bygginga av Color Hybrid har også blitt lagt merke til.
Les også: Nå starter utrustningen av et av verdens største hybridskip
– Vi ser på fleire spennande prosjekt.
Søsterskip
Eitt prosjekt som kan lande fort er bygging av søsterskipet til nettopp Color Hybrid.
Her er det ein opsjon på endå eit skip.
– You never know. Time will show, svarar Color Line-direktør Trond Kleivdal når han får spørsmålet om når selskapet har tenkt å innfri opsjonen.
– Vi har uansett som ambisjon om å vere i front på miljøvenlege passasjerferjer, og då seier det seg sjølv at vi skal byggje meir.
Store tap
For Ulstein Group i Ulsteinvik i Møre og Romsdal har det vore nokre tunge år etter at det sa stopp i offshore.
Ulstein Group hadde samla eit resultat før skatt på minus 1022 millionar kroner dei tre siste åra.
2017 vart eit nytt dårleg år, med eit minusresultat på 359 millionar kroner. 2018 starta heller ikkje særleg godt, og i juni henta Ulstein Group inn 300 millionar kroner for å sikre drift og evne til å ta på seg nye oppdrag. 150 millionar var eit lån frå DNB og Innovasjon Norge, 150 millionar kroner var eit konvertible lån frå eigarane.
Dyr omstilling
Gunvor Ulstein seier at omstilling kostar dyrt, men at ein no ser resultata av alt arbeidet som er nedlagt.
– Vi er ikkje heilt i mål, men vi ser no at det vi har gjort har vore rett.
– Arbeidet er no i ferd med å løne seg.
Har auka med 100 tilsette
Ulstein Verft er no oppe i 350 tilsette. Det kan verte litt meir.
– Ja, vi ser framleis etter folk med dei rette kvalifikasjonane.
Det seier verftsdirektør Kristian Sætre til Nett.no. Verftet var nede på 250 tilsette, men har siste året auka med rundt 100 tilsette.
– Nokre av desse var tilsette som jobba her før, og det er sjølvsagt ekstra gledeleg å få dei tilbake.
Store prosjekt
Verftet har no fem store prosjekt på gang.
I tillegg til bygginga av Color Hybrid, har ein i ordreboka ein stor kabelleggjar til Nexans, eit ekspedisjonscruiseskip til Lindblad Explorations, eit offshore vindskip til Acta Marine og eit offshore vindskip til Bernhard Schulte.
