– Ja, det ser langt lysare no enn for eitt år sidan.
Ho seier at det er spesielt stor interesse innanfor offshore vind, men bygginga av Color Hybrid har også blitt lagt merke til.
Les også: Nå starter utrustningen av et av verdens største hybridskip
– Vi ser på fleire spennande prosjekt.
Søsterskip
Eitt prosjekt som kan lande fort er bygging av søsterskipet til nettopp Color Hybrid.
Her er det ein opsjon på endå eit skip.
– You never know. Time will show, svarar Color Line-direktør Trond Kleivdal når han får spørsmålet om når selskapet har tenkt å innfri opsjonen.
– Vi har uansett som ambisjon om å vere i front på miljøvenlege passasjerferjer, og då seier det seg sjølv at vi skal byggje meir.
Store tap
For Ulstein Group i Ulsteinvik i Møre og Romsdal har det vore nokre tunge år etter at det sa stopp i offshore.
Ulstein Group hadde samla eit resultat før skatt på minus 1022 millionar kroner dei tre siste åra.
2017 vart eit nytt dårleg år, med eit minusresultat på 359 millionar kroner. 2018 starta heller ikkje særleg godt, og i juni henta Ulstein Group inn 300 millionar kroner for å sikre drift og evne til å ta på seg nye oppdrag. 150 millionar var eit lån frå DNB og Innovasjon Norge, 150 millionar kroner var eit konvertible lån frå eigarane.
Dyr omstilling
Gunvor Ulstein seier at omstilling kostar dyrt, men at ein no ser resultata av alt arbeidet som er nedlagt.
– Vi er ikkje heilt i mål, men vi ser no at det vi har gjort har vore rett.
– Arbeidet er no i ferd med å løne seg.
Har auka med 100 tilsette
Ulstein Verft er no oppe i 350 tilsette. Det kan verte litt meir.
– Ja, vi ser framleis etter folk med dei rette kvalifikasjonane.
Det seier verftsdirektør Kristian Sætre til Nett.no. Verftet var nede på 250 tilsette, men har siste året auka med rundt 100 tilsette.
– Nokre av desse var tilsette som jobba her før, og det er sjølvsagt ekstra gledeleg å få dei tilbake.
Store prosjekt
Verftet har no fem store prosjekt på gang.
I tillegg til bygginga av Color Hybrid, har ein i ordreboka ein stor kabelleggjar til Nexans, eit ekspedisjonscruiseskip til Lindblad Explorations, eit offshore vindskip til Acta Marine og eit offshore vindskip til Bernhard Schulte.
– Begrunnelsen er at vi har eigarar som må betale formuesskatt, seier finansdirektør Catrine Kristiseter Marti i Ulstein Group ASA om utbyttet for 2016 til Nett.no.
Ulstein Group omfattar mellom anna Ulstein Verft og har Ulsteinfamilien (Gunvor, Tore, Ingerid, Vegard og Idar Marius Ulstein, med familie) sitt selskap Ulsmo som største eigar (57,7 prosent).
2015 vart eit tøft år for Ulstein Group-konsernet med 135 millionar kroner i underskot før skatt. 2016 vart eit enda tøffare år med minus 530 millionar før skatt.
Droppa utbytte etter 2015
Etter resultatet i 2015 konkluderte selskapet med at det ikkje var rom for utbytte.
Det er det no, men Kristiseter Marti seier selskapet gjerne skulle sleppe konsekvensen av formuesskatten.
– Vi skulle gjerne latt pengane bli i konsernet, seier ho.
Skatt på nordmenn
Konsernsjef Gunvor Ulstein og visekonsernsjef Tore Ulstein er talspersonar for å kutte i formuesskatten, mellom anna fordi den skil mellom eigarar busett i Noreg og utlandet og fordi dei meiner skatten tappar selskap for kapital som kunne blitt reinvestert i selskap.
– Det er et tankekors at vi ville sluppet å betale formuesskatt på vårt eierskap i Ulstein Group hvis familien hadde vært bosatt i London og ikke i Ulsteinvik, sa Gunvor Ulstein til Dagens Næringsliv i 2015.
– Å tappe bedrifter for å betale utbytteskatt og deretter formuesskatt gjør det vanskelig å gjøre omstillinger og å være bærekraftig i det lange løpet, sa Tore Ulstein til Dagens Næringsliv i 2016.
I same båt
Ulstein Group-eigarane er ikkje åleine om å måtte betale formuesskatt trass i at selskapet dei eig går i minus.
– Mi årsinntekt og kona sin pensjon dekkjer ikkje det vi må betale i formuesskatt. Dermed vert eigenkapitalen i selskapet tappa for å dekkje skatten. Dette føler vi er både urimeleg og uheldig for selskapet, sa Hareid Group-aksjonær Bjørn Bjåstad til Nett.no i fjor.
Det er første gang en innretning av denne typen borer en brønn med kveilerør, ifølge Ptil.
Innlegget Dette brønnintervensjonsskipet skal bore pilothull for Centrica dukket først opp på Petro.no.
Presidenten i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Tore Ulstein, er positiv til regjeringens forslag om at visse bedrifter må ha lærlinger for å kunne få store oppdrag.