Sunnmørsreder bygger nytt fiskefartøy
Den 86 meter lange trålaren vert av selskapet skildra som eit av Norges største og mest moderne fiskefartøya der miljøomsyn og innovasjon står i førarsetet.
Kontrakten med reiarlaget frå Herøy i Møre og Romsdal blei signert fredag.
Det nye fiskefartøyet skal byggjast ved Cemre-verftet i Tyrkia, og vil få namnet Sunny Lady.
– Navnet er historisk og arva frå eit tidlegare LNG-fartøy som reiarfamilien tidlegare har hatt eigarskap til. Med eit fremtidsretta fiskefartøydesign og miljøtenkning til grunn bygger no Sigurd Teige eit skip som møter framtida sine krav til utslepp og klima, opplyser selskapa.
LNG og batteri
Det nye fiskefartøyet kan bli optimalisert slik at drifta blir så energieffektiv om mogleg, der det vil vere ein LNG-tank i kombinasjon med diesel, samt ein stor batteripakke.
– Dette vil spare miljøpet for eit utslepp av klimaskadeleg NOx, tilsvarande 50.000 personbilar. Me ønskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige.
– Med fokus på effektivitet og miljøtenkning vil det nye fiskefartøyet optimaliserast slik at drifta blir så energieffektiv som mogleg, seier Teige.
Samstundes opplyser reiarlaget at MS Leikvin blir selt til H. Østervold i Austevoll. Herøy-selskapet kjøpte ringsnotsnurparen med kvoter frå Drønen Havfiske på slutten av fjoråret.
Skulle du ønske at noen oppsummerte batteribruk på norske skip i løpet av den tiden det tar å spise lunsj? Da må du få med deg denne tidligere episoden av Sysla-podkasten Det vi lever av:
