Storsatsing på flytekaier og flytemoloar
Kleven Verft skal byggje ein 65 meter lang, 17 meter brei og 6 meter høg «stålkasse» til Ulstein Betong Marine. Den store stålkassa skal brukast i samband med at selskapet skal byggje ei ny dokk for produksjon av store flytemoloar og flytekaier, skriv Nett.no.
Den eksisterande tørrdokka til Ulstein Betong Marine vert no spesialtilpassa til bygging av fôrflåter til havbruksnæringa.
Flytemolar med ‘naust’
Dagleg leiar Asbjørn Tronstad ved Ulstein Betong Marine seier at det kjem stadige forespørslar om bygging av flytemoloar til småbåthamner, men også om bygging av flytekaier til offentlege prosjekt.
– Flytande betongkonstruksjonar er noko vi har stor tru på framover.
– Spesielt er det stor interesse knytt til flytemoloane med svært god bølgjedempande effekt for å verne båthamner, men som samstundes også har lagerrom innvendig i skroget.
Han seier at i desse lagerroma kan den enkelte båteigar oppbevare utstyr like ved båten.
– Dette fungerer på mange måtar som eit naust.
Store planar
Tronstad seier at bruksområda for flytekaier er svært store og det er berre fantasien som set grenser.
– Som eit døme på dette føreligg det planar om å etablere ei promenadekai i 800 meter lengde frå Skotholmen til Meierikaia i Ålesund.
– Det føreligg også planar i Horten om å etablere eit anlegg for 30 flytande bustader, og eg trur at vi berre har sett starten på ein vekstmarknad.
Flyttar produksjonen
Bygginga av den nye dokka for produksjon av flytekaier/flytemoloar er kostnadsrekna til 30 millionar kroner og er planlagt ferdig til 1. september i år. Det første prosjektet står allereie og ventar, opplyser Tronstad.
I samband med utbygginga av dokka, skal også resten av produksjonen for Ulstein Betong Marine flyttast frå den eksisterande påbyggingskaia til den nye kaia som vart bygd for eit par sidan..
– Vi skal byggje eit nytt lager på 800 kvadratmeter, i tillegg til dei nødvendige fasilitetane for våre tilsette.
– Dette er ei storsatsing frå vår side, seier Tronstad til Nett.no
