Her er det tilsett 120 på eitt år
– Ja, det er fleire år sidan det var like høg aktivitet ved verftet, seier organisasjons- og kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim til Nett.no.
Verftet har gått frå 230 til 350 tilsette på eitt år.
– Ein del av desse nye er tilsette som jobba her før, og som såg seg etter noko anna å gjere i den perioden her var lavare aktivitet.
– Det er ekstra gledeleg å sjå at mange av desse no kjem tilbake, seier Solheim.
Treng fleire folk
Ulstein Verft søkjer no etter nye tilsette innanfor er rekkje fagområde.
– Hittil har vi klart å rekruttere innanfor dei fleste felt, men vi har slite litt når det gjeld ingeniørar innanfor HVAC-feltet (oppvarming, ventilasjon og air-condition, red merk). Difor har vi utdanna nokre eigne tilsette innanfor dette fagfeltet.
Inkludert innleigde, er det no rundt 800 tilsette innom verftsportane.
Organisasjons- og kommunikasjondirektør Lene Trude Solheim ved Ulstein Verft. Foto: Ulstein Group
I dokkhallen er ein i full gang med utrusting av prestisjeskipet Color Hybrid, verdas største plug-in batterihybrid.
Her skal det norske rederiet inn med 65 tonn batterier
Sidan passasjerferja er 160 meter og dokkhallen 140, stikk baugen av skipet ut av hallen.
Prosjektet til rundt 1,2 milliardar kroner skal vere ferdig til sommaren, då ferja skal inn på ruta Sandefjord – Strømstad.
– Her kan det etter kvart også verte endå ei ferje, dersom Color Line vel å erklære opsjonen dei har, seier Solheim.
Satsar på offshore vind
Ved utrustningskaia ligg det 93,4 meter lange havvindskipet Acta Centaurus til Acta Marine.
Dette skipet skal vere ferdig i april.
– Vi satsar stort på offshore vind, og håper på fleire prosjekt, seier Solheim.
Ekspedisjonsskip
Over sommarferien kjem skroget til det første ekspedisjonscruiseskipet til Lindblad Expeditions Holding, som i samarbeid med National Geographic skal frakte passasjerar til polare strøk med det 120 meter lange skipet.
Her er det opsjonar på to til skip.
I ordreboka har Ulstein Verft også eit offshore vindskip til Bernhard Schulte og ein 149,9 meter lang kabelleggjar til Nexans.
Dei to siste skipa skal leverast i 2021.
– Stålarbeidet er godt i gang ved det polske Christ-verftet, seier Solheim.
– Vi har også eit sekstitals ingeniørar som er involverte i prosjekta.
Ho er optimistisk for framtida.
– Ja, etter eit par krevjande år, ser det no betre ut.
Les også: – Omstillinga er i ferd med å løne seg
