Slik vil dei gjera butikk av miljøproblem
Oyster Catch AS er eit selskap i Arendal som har kasta seg inn i kampen mot stillehavsøstersen. Målet er ikkje berre å avgrensa invasjonen av den framande arten, men også å utnytta han kommersielt.
– Stillehavsøstersen er mat, ein stor ressurs, ei delikatesse. Men han er også eit trugsmål mot den lokale faunaen i strandsona, og eit problem for badande på strender og svaberg. Vi ser ein stor kommersiell mogelegheit i dette problemet, seier Karlsen.
Optisk robot
I januar gjennomførte Karlsen og selskapet han har vore med å skipa, den første testen av ein optisk robot som i framtida kan brukast til å fjerna østers frå strendene. Testen var ifølgje Karlsen vellukka. Roboten klarte å skilja stillehavsøstersen frå flatøsters, blåskjel og andre skjel. No er selskapet i gang med å laga ein prototype av det dei meiner kan bli ein effektiv reiskap til fjerning av stillehavsøsters.
Oddvar Mørland Karlsen i Oystercatch driv nybrotsarbeid for å finna ein metode for å stagga invasjonen av stillehavsøsters langs norskekysten. Foto: May Elin Aunli
– Det finst utfordringar, sjølvsagt, men den største utfordringa er faktisk styresmaktene. Vi har vore i møte med politikarane, men opplever å bli sendt frå det eine departementet til det neste. No sist var det folk i Justisdepartementet vi møtte. Vi føler at styresmaktene ikkje har teke inn over seg omfanget av dette problemet. Sjølve er vi utolmodige etter å koma i gang, seier Karlsen.
Han viser til situasjonen på Kontinentet og i deler av Danmark og Sverige, der invasjonen av stillehavsøsters har hatt store konsekvensar for landskap og økologi.
Større enn laksenæringa
– I Vadehavet i Tyskland var det i 2003 30 østers pr. kvadratmeter. I 2016 viste teljingane 3000 østers pr. kvadratmeter. I den danske delen av Vadehavet er det berekna at det finst 72.000 tonn med stillehavsøsters, seier Karlsen.
Situasjonen er så alvorleg at den danske fiskeriministeren vurderer no om ein skal skrapa havbotnen for østers, trass i ulempene det medfører for anna liv.
– Ein østers åleine legg mellom 50 millionar og 200 millionar egg. Potensialet for spreiing er såleis enormt, fortel Oddvar Mørland Karlsen.
Men potensialet for å utnytta den ressursen som stillehavsøstersen representerer, er også enormt.
– På verdsbasis er østersindustrien større enn laksenæringa, seier Karlsen. Han meiner det fortast råd må setjast i verk tiltak for å avgrensa spreiinga av østers i Noreg.
Bilete frå testen av østersplukkaren hjå selskapet Data Respons. Østersplukkaren til høgre, karet med østers i til venstre. Foto: Privat
Fôr til laks og kylling
– Men her har vi noko som heiter strandretten. Den er slik innretta at vi må ha løyve frå kvar einaste grunneigar før vi kan gå i gang med å plukka østers. Det seier seg sjølv at det er ei altfor omfattande oppgåve for eit selskap som vårt. Vi har foreslått at vi kan byrja med nasjonalparkane. Vi håper å få styresmaktene med på dette, seier Karlsen.
Atle Hamar er statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Han seier at regjeringa i 2018 auka budsjettet til bekjemping av framande artar med ti millionar kroner. Samstundes erkjenner han at nettopp strandretten gjer det utfordrande å setja i verk effektive nok tiltak.
– Men østersinvasjonen har meldt seg med slik tyngde at vi vurderer å foreslå lovendringar for å gjera det enklare å koma med mottiltak, seier Hamar.
Oddvar Mørland Karlsen og selskapet han representerer deltar i det han beskriv som ein koordinert og brei innsats i heile Skandinavia for å få kontroll over invasjonen av stillehavsøsters. Det blir sett på ulike løysingar for å utnytta østersen som kan haustast, kommersielt. Berre ein liten del av han kan nyttast til konsum. Restaurantane vil berre ha østers mellom 80 og 120 gram. Så lite som mellom ti og 15 prosent av østersen oppfyller det kravet.
– Kva vi skal gjera med resten, er førebels uvisst, men det blir gjort forsøk med å ta det i bruk i laksefôr her i landet, og danskane vil prøva det i kyllingfôr, seier Karlsen, som håpar på eit snarleg gjennombrot.
– Det som er bra, er at ressursane no er samla, og at presset ser ut til å bli så sterkt at politikarane snart ikkje har noko anna val enn å ta dette så alvorleg som vi meiner det fortener å bli teke.
