I dag startar dei på sitt aller første oppdrag
– Ein viktig kontrakt, og vi ser no fram til å få båten i arbeid etter langvarig opplag, seier Jogeir Romestrand frå Ulsteinvik til Nett.no.
Han er ein av aktørane bak Axxis Geo Solutions.
Med seg på laget har han tunge investorar som Bjarte Bruheim og Arne Blystad, og saman har dei overtatt seismikkskipet Neptune Naiad.
Startar 23. juni
Den ombygde fiskebåten låg 2 1/2 år i opplag, dei siste 25 månadene på Moltu i Herøy.
Men no er båten i Singapore og er klar for sitt første oppdrag for det nye selskapet.
– Båten startar på kontrakten 23. juni, seier Romestrand.
BP Indonesia
Kontrakten er seismikkoppdrag for BGP – China National Petroluem Company. Selskapet har hovudkontor i Kina, men har aktivitet i 65 land, og har satsa stort på seismikk, mellom anna ved å tilby multiklient-data.
Ifølgje heimesida har selskapet no seks seismikkskip i arbeid, men det er før Neptune Naiad kjem i sving.
Neptune Naiad skal i første omgang arbeide seks månader etter at BGP har fått kontrakt med BP Indonesia.
Norsk og indonesisk mannskap
Det er Herøy-selskapet Remøy Shipping som har driftsansvaret på båten. Remøy Shipping er også inne med 10 prosent på eigarsida.
Romestrand opplyser at mannskapet på båten er ein kombinasjon av norsk og indonesisk for den maritime delen, medan det i hovudsak er engelsk og amerikansk for seismikk-delen.
