Kategoriarkiv: nedskjæring

Nett.no: Solstad Farstad kuttar 100 tilsette – 37 må gå i Ålesund

Det skriv Nett.no torsdag ettermiddag (klikk her for å lese heile saka – krev abonnement). – Dette er noko drit for alle partar, men det må dessverre gjerast. Sju tilsette mister jobben hos Solstad Farstad i Fosnavåg, men etter store kutt hos gamle Farstad i Ålesund er no fleire tilsette ved tidlegare Rem Offshore enn ved gamle Farstad Shipping. Foto: Kjetil Haanes, nett.no – Konsernet blør pengar, og om vi ikkje tek grep no, så vil vi alle saman gå ned med flagget til topps. Dette seier driftssjef Tor Inge Dale i Solstad Farstad til nettavisa. Barbert Ålesund-kontor Dale fekk den tunge oppgåva med å informere dei tidlegare Farstad-tilsette i Ålesund. – Mange tok det svært tungt. Vi har ytterlegare ein representant frå konsernleiinga til stades, i tillegg til at vi har på plass bedriftshelsetenesta, seier Dale. Totalt vert det tilbake berre rundt 15 stillingar i Ålesund etter at 37 stillingar no vert kutta. Det er inkludert 10 oppseiingar som tidlegare er varsla. Vurderer flytting Dei Ålesund-tilsette som mister jobben er fordelte på mange funksjonar, som IT, teknisk og HMS. No kan også dei siste arbeidsplassane verte flytta frå dei nye Farstad-lokala til ein annan stad i Ålesund. – Lokala vi har i Ålesund i dag er store og relativt dyre, så vi ser no på andre løysingar, seier Dale. Sju må gå i Fosnavåg Også i Fosnavåg vert det kutt, men i mykje mindre omfang enn i Ålesund. I Fosnavåg går ein frå 21 årsverk til 17 årsverk. Sju personar mister jobben. Totalt er det rundt 100 av Solstad Farstad sine landtilsette som no mister jobben. Som ein del av omlegginga vert heile rekneskapsfunksjonen flytta til Kypros. – Her byggjer vi vidare på det systemet som Deep Sea Supply allereie har etablert på Kypros, seier Dale. Ved hovudkontoret på Skudeneshavn vert det derimot ikkje omfattande kutt. Les heile saka på nett.no.