Kategoriarkiv: rem

Slit med lån – men angrar ikkje på kjøpet

– Nei, det går i grunnen som forventa, seier Remøu til Nett.no. Det var i november i fjor at investeringsselskapet In Nor Vest med Åge Remøy frå Herøy, svensk-sveitsiske Magnus Roth og islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson gjekk inn med 60 millionar kroner i Forland Shipping, og vart 50 prosent eigar av selskapet. Dette skjedde etter at trioen stabla på beina 500 millionar friske kroner for å byggje eit nytt offshorereiarlag nord for Stad etter at Røkke/Solstad overtok Rem Offshore. Obligasjonslån på 350 millionar Gjennom investeringa i Bergens-baserte Forland Shipping overtok Remøy kontrollen på dei to subseaskipa Forland Inspector og Fugro Saltire, der siste alt har skifta namn til Rem Saltire, og der Forland Inspector skal endre namn til Rem Inspector under eit verkstedopphald i sommar. Refinanseringa for Forland Inspector er på plass, men i det skipseigande selskapet bak Rem Saltire ligg det eit obligasjonslån på 350 millionar kroner som forfell til betaling i august. Dette uroar Remøy litt ettersom ein så langt ikkje har oppnådd semje med obligasjonseigarane. – Vi har hatt dialog i fleire månader, men enno ikkje kome i mål, seier Remøy. Vil gå inn med kapital Han seier at In Nor Vest som ein del av ei løysing er villig til å gå inn med meir kapital. – Ja, men det føreset at vi får til ei langsiktig løysing. – Vi reknar med å få til ein avtale snart. Tapte 165 millionar Dei to skipa segla i fjor inn 225 millionar kroner, inkludert ein kompensasjon frå Fugro på 36,5 millionar kroner for Rem Saltire etter at selskapet avslutte ein kontrakt ni månader tidlegare enn kontraktsfesta. Resultatet før skatt vart på minus 165 millionar kroner, mot minus 55 millionar kroner i 2016. – Det er framleis krevjande tider innan offshore, noko som vil vise igjen i resultata for dei fleste offshorereiarlaga. – Men vi ser litt lysning på sikt, seier Remøy. Veks frå Herøy Alle oppgåver rundt dei to skipa er overflytta til Rem Maritime i Herøy, og den tidlegare Forland Shipping-organisasjonen er avvikla. – Vi satsar på å byggje oss vidare opp i Herøy, seier Remøy. Rem Maritime har også sikra seg 60 prosent eigarskap i Vestland Offshore, med fire nyare PSV-ar og managementselskapet Vestland Management med rundt 300 tilsette. Åge Remøy seier at ein ser etter nye mulegheiter. – Vi har mange ballar i lufta, og så får vi sjå kva for nokre vi klarer å lande. – Målet er uansett at vi skal vekse. Ifølgje Marine Traffic er Forland Inspector i arbeid utanfor Elfenbenskysten, medan Rem Saltire er i arbeid ved eit offshore vindfelt utanfor kysten av Nederland.  

Nett.no: Solstad Farstad kuttar 100 tilsette – 37 må gå i Ålesund

Det skriv Nett.no torsdag ettermiddag (klikk her for å lese heile saka – krev abonnement). – Dette er noko drit for alle partar, men det må dessverre gjerast. Sju tilsette mister jobben hos Solstad Farstad i Fosnavåg, men etter store kutt hos gamle Farstad i Ålesund er no fleire tilsette ved tidlegare Rem Offshore enn ved gamle Farstad Shipping. Foto: Kjetil Haanes, nett.no – Konsernet blør pengar, og om vi ikkje tek grep no, så vil vi alle saman gå ned med flagget til topps. Dette seier driftssjef Tor Inge Dale i Solstad Farstad til nettavisa. Barbert Ålesund-kontor Dale fekk den tunge oppgåva med å informere dei tidlegare Farstad-tilsette i Ålesund. – Mange tok det svært tungt. Vi har ytterlegare ein representant frå konsernleiinga til stades, i tillegg til at vi har på plass bedriftshelsetenesta, seier Dale. Totalt vert det tilbake berre rundt 15 stillingar i Ålesund etter at 37 stillingar no vert kutta. Det er inkludert 10 oppseiingar som tidlegare er varsla. Vurderer flytting Dei Ålesund-tilsette som mister jobben er fordelte på mange funksjonar, som IT, teknisk og HMS. No kan også dei siste arbeidsplassane verte flytta frå dei nye Farstad-lokala til ein annan stad i Ålesund. – Lokala vi har i Ålesund i dag er store og relativt dyre, så vi ser no på andre løysingar, seier Dale. Sju må gå i Fosnavåg Også i Fosnavåg vert det kutt, men i mykje mindre omfang enn i Ålesund. I Fosnavåg går ein frå 21 årsverk til 17 årsverk. Sju personar mister jobben. Totalt er det rundt 100 av Solstad Farstad sine landtilsette som no mister jobben. Som ein del av omlegginga vert heile rekneskapsfunksjonen flytta til Kypros. – Her byggjer vi vidare på det systemet som Deep Sea Supply allereie har etablert på Kypros, seier Dale. Ved hovudkontoret på Skudeneshavn vert det derimot ikkje omfattande kutt. Les heile saka på nett.no.