Medan du søv, lastar Mats (24) over hundre tonn laks
For den 24 år gamle matrosen Mats Johan Eriksen og kollega Terje Kongestøl Vik er det travle netter på den grøne og kvite brønnbåten på 70 meter.
– Dei ser veldig bra ut, seier seier Eriksen idet iLaks stig om bord Sølvtrans-båten «Øytind» medan den ligg fortøydd på anlegget til Bremnes Seashore seint ein måndag kveld.
Likevel: Han snakkar ikkje om laksen. Medan TV 2 sin målkavalkade frå helgas Premier League-runde durer i bakgrunnen, er det med forbannelse han tek innover seg at Manchester City står med 21-2 i målskilnad og tabelltopp etter seks rundar spelt.
United-supportaren får nemleg tid til hobbyen sin òg, medan han er på jobb. Mellom slaga får nattarbeidaren sett både tv, konsumert ei rikhaldig mengd kaffe og slappa av. Klokka nærmar seg midnatt, og halsnøybuen har vore på vakt i to timar. Seks timar gjenstår.
– No skal me henta 115 tonn laks ved lokalitet Krossholmen, men me har ein makskapasitet på 270 tonn, seier han til iLaks. Nyleg har dei levert 230 tonn i Bremnes Seashore sine ventemerdar ved Øklandsvågen på Bømlo.
PAUSE: Det er travelt om bord på MS «Øytind». Saman med styrmann Terje Kongestøl Vik går Mats Johan Eriksen nattskift på Sølvtrans-båten. FOTO: Ole Alexander Saue.
Som matros på «Øytind» jobbar Mats Johan Eriksen nattskift på båten, åleine saman med styrmann og fitjarbu Terje Kongestøl Vik. På brønnbåten fraktar dei fisk frå matfiskanlegg til slakteri, og smolt frå setjefiskanlegg til matfiskanlegg. Det er mykje å tenkja på, både hygienisk og teknisk, om bord på den drygt to år gamle båten.
«Øytind» vart ferdigstilt av Aas Mekaniske Verksted i 2015, og vart levert til Bømlo Brønnbåtservice berre tre månadar før Sølvtrans kjøpte opp reiarlaget med hovudkontor i Leirvik sentrum på Stord. Karakteristisk for alle BBS-båtar, har òg «Øytind» det vårgrøne skroget.
Travle dagar
Båten transporterer levende fisk og er utstyrt for å føre fisken i opne, lukka og semilukka system med UV-rensing. Den transporterer smolt, slaktefisk og har mogelegheiter for avlusing. Slike operasjonar stiller strenge hygieniske krav.
– Me har det ofte hektisk på nattestid, og da er det spesielt viktig med et godt samarbeid. Når ein, til dømes, fortøyar båten, er det tungt å springe 70 meter att og fram. Men det går veldig greit. Me er veldig samspelte, så det går bra. Me greier oss fint, seier Mats, medan han vitnar til den – i gjennomsnitt – 3,7 kilo tunge fisken vert pumpa om bord i båten.
– Eg og Terje er ein god kombinasjon, legg han til.
Det er mykje vasking som må til. Etter levering av 230 tonn laks i Øklandsvågen ved midnatt måndag, tok det om lag to timar med automatisert nedvask av lasterommet nedst i båten. Deretter var det stø kurs mot Krossholmen for henting av ny laks før landlevering ved same slakteri morgonen etter.
Velstand
– Eg stortrivst. Det gjer eg, og det seier eg til alle som spør. Her er berre velstand, seier Mats Johan.
Før han fekk jobb på «Øytind», var 24-åringen på «Lifjell» (tidlegare «Øylaks»), kor han byrja som lærling. – Det er stort sett likt på begge båtane. Eg fortøyar, driv vedlikehald, vaskar, og slikt, seier han.
Timane går, og bekmørket held fram. Det blir mindre tid til fotball på tv-en og Mats Johan er fokusert på arbeidsoppgåvene, der han spring opp og ned, svarar på sambandet og gjer klarsignal til styrhuset. Nytt for natta er at han har med seg ein iLaks-journalist og eit medfølgjande blitzregn på slep. I tillegg er Sølvtrans sin påtroppande logistikksjef, Sindre Kleive, på vitjing, for å bli kjend med mannskap, båt og organisasjonen han snart skal byrja å jobba med.
FORTØYAR: Mats Johan Eriksen (24) om bord på MS «Øytind». FOTO: Ole Alexander Saue.
Godt samspel
Det er sjeldan utskifting av mannskap på BBS-båtane til Sølvtrans. På «Øytind» har det vore få nye folk sidan kabalen vart spikra for to år sidan. Terje Kongestøl Vik har vore den faste makkeren til Mats Johan i to år. Til samanlikning er dei fire personar, inkludert maskinist, på vakt dagtid.
– Det går fint; Bremnes Seashore har mange folk på anlegget. Som regel er berre me to personar. Når båten er fortøyd, så er eg ofte nede og hjelp Mats med klargjering til lasting. Eit godt samarbeid er veldig viktig. Me har jo arbeidd i lag på denne båten i to år, så me har ein god rutine på ting, seier Terje, og legg til:
– Mats er ung, og veldig flink.
Når ein går rundt same kollega time etter time, dag etter dag, veke etter veke, blir ein godt kjend. Kanskje litt for godt, i blant. Då meiner fitjarbuen at det er viktig med ein god kommunikasjon for å oppretthalda den gode, og naudsynte, relasjonen.
– Terskelen for å sei det ein meinar er veldig låg. Det tykkjer eg er bra. Ein må sei frå dersom det er noko som plagar ein, og ikkje gå rundt og tenkja på det i fleire dagar, seier han.
STYRMANN: Terje Kongestøl Vik frå Fitjar har jobba på «Øytind» i to år. FOTO: Ole Alexander Saue.
Få kvinner i bransjen
På «Øytind» er dei seks mann om bord. Maskinisten jobbar dagtid, men er tilgjengeleg døgnet rundt dersom behovet melder seg. Kapteinen går motsatt skift som Terje.
– Han må jo få sova han òg. Det er nokre kapteinsavgjersler eg ikkje har myndigheit til å ta, og då purrar eg ut skipper, slik at riktig mann som tek avgjersla.
Som på veldig mange båtar i norske farvatn er mannskapet mannsdominert. På «Øytind» er det ingen kvinner. Terje er einig i at det er for få av det motsette kjønn i bransjen; i Sølvtrans har dei to kvinner, paradoksalt nok med tittelen «styrmann».
– Det er for få, og det er absolutt rom for dei. Eg har jobba med ein del kvinnelege styrmenn, og dei ser ofte ting på ein annleis måte. Dei har, i blant, andre løysingar på ting, og det er sunt for miljøet.
NY MANN: Sindre Kleive (t.h.) tiltrer snart i ny jobb som logistikksjef i Sølvtrans. FOTO: Ole Alexander Saue.
Ny mann i Sølvtrans
Når iLaks er om bord i båten er, som nemnt, tilfeldigvis Sindre Kleive og Sølvtrans sin eigen Robin Halsebakk òg på plass. Sistnemnte går inn i ny stilling som marknadsansvarleg i Sølvtrans, medan Kleive får ansvar for logistikk i Ålesund-reiarlaget.
– Det er spanande å vera med ut i båten for første gang. I tillegg har vêret vore veldig bra, seier Kleive.
– Eg ser veldig fram til å byrja i jobben. Det blir spanande. No blir utfordringa å kabalen til å gå opp logistikkmessig. Det er jo heile tida endringar undervegs. Snart går dei vêrharde tider i vente, så det kan jo by på utfordringar, seier Sindre, medan han observerer dei tilsette på Bremnes Seashore sitt matfiskanlegg, og Mats Johan, som sørgjer for at fisken vert lasta om bord.
Medan «Øytind»-duoen Mats Johan og Terje held fram med sine oppgåver, går iLaks’ utsendte og Sølvtrans-delegasjonen til kvar sine tre, av dei totalt ti, senger båten rommar. Nokre timar seinare vaknar dei til sol, landlevering og nye folk på skift.
Og slik går dagane på «Øytind», «Øydrott», «Øylaks», i Sølvtrans og i heile brønnbåtnæringa som fraktar fisken både hit og dit. Dag inn, og dag ut.
