Kategoriarkiv: Miller

Sverdrup-røyr skapar trøbbel for Kværner

Ytst på Eldøyane er det i dag lagra 28.000 røyr som skal frakte olja frå Johan Sverdrup-plattforma til land. Prosjektet har opplevd forsinkingar med utlegging i havet, og vil ikkje bli transportert vekk før tidlegast i midten av juli. – Dette medfører at me er «låst inne» av røyr når modulen til Miller-plattforma kjem, skriv Vidar Høivangli i Kværner i eit brev til Miljødirektoratet. Når tungløftefartøyet Saipem 7000 kjem med modulen som skal demolerast på Stord i starten av mai, må denne difor plasserast i sjøen. – Ved innlasting av denne tunge strukturen vil Saipem utnytte det djupe farvatnet i området, og må laste inn her. Dei kjem ikkje inn på vår eigentlege kai med denne strukturen. Frå demonteringa av Miller-plattforma i fjor haust. Foto: BP – Ingen forureining Kværner har difor sendt søknad om løyve frå Miljødirektoratet om å plassere modulen i sjøen, der dei fastslår at dette ikkje vil føre til forureining. – Me har ingen påverknad på dette prosjektet og må vente til me har klar ein køyretrasé. Me vil sørgje for at det ikkje kjem nokre lekkasjar frå eventuelle flytande medier om bord eller at det kan førekome anna forureining frå modulen. Det var i fjor at Kværner teikna kontrakten med Saipem om demolering av Miller-plattforma. Denne kontrakten har ein verdi på 200 millionar kroner. Kværner har ansvar for demonteringa og resirkuleringa av materiala. Jobben vil halde fram til 2019. Enorme mengder røyr Det er Norsea Group som er ansvarlege for dei 225.000 tonna med røyr som har vore lagra på Eldøyane sidan i vinter. Dei skal plasserast på havtbotn, for å transportere svimlande 660 000 fat olje til land kvar dag, når Johan Sverdrup-plattforma kjem i drift.