Sikker på runde to i offshore
Det var eitt av bodskapa til Jan Rune Hurlen, leiar for bedriftsmarknaden i Sparebank1 SMN i Ålesund i eit innlegg på advokatselskapet Sands sitt sommarseminar i Ålesund.
Les også: Nå faller bankenes tap i offshoreselskapene
Han fryktar runde to kan bli tøff. I første runde var det eigarane og obligasjonslångivarane som fekk svi. No må også bankane ta tap.
– Eg trur vi kan sjå fram mot ein prosess som blir krevande, og som blir langvarig, sa Hurlen.
På an igjen
Første runde med refinansiering i offshorebransjen har halde på i to år, og er så vidt ferdig.
– Den siste signaturen fekk vi for to-tre veker sidan, sa Hurlen.
Les også: Amerikansk gigant mener de har solid forsprang på norske rederier
Førebuingane til andre runde med refinansieringsforhandlingar kjem til å starte i løpet av hausten, og dei første forhandlingane kanskje neste år, trur han.
Kontraktsrisiko
Hurlen trekte fram to faktorar som han trur både bankar og bransjen har tatt lærdom av; bruken av obligasjonsmarknaden og vurderinga av kvaliteten på kontraktane.
Obligasjonsmarknaden blei brukt som ein form for eigenkapital, noko reiarlaga raskt fekk merket ikkje stemte etter at krisa slo inn.
Les også: – De norske rederiene vil slite selv om markedet kommer tilbake
Kvaliteten på kontraktar blei undervurdert. Både bankar og reiarlag tok for lett på kor sikre inntektene frå inngåtte kontraktar for skipa var.
47 prosent verdifall
Sparebank1 SMN har analysert verdiutviklinga for 102 offshorefartøy frå 2013 til 2017. For plattformforsyningsskip er verdifallet heile 47 prosent, for ankerhandteringsfartøy 43 prosent og for subsea-skip 31 prosent.
Trass i ein oljepris på rundt 75 dollar er det framleis tøft for offshoreiarlaga og Hurlen trur det tek tid før det blir ei vesentlig betring, blant anna fordi det framleis er for mange båtar i marknaden. Eldre båtar må skrapast, meiner Hurlen.
Han trur den første betringa som monnar først kjem i marknaden for subseaskip, og vil starte neste år.
