Kategoriarkiv: Willy Berglund

Tørkeperioden skapar vassmangel: Fleire setjefiskanlegg søkjer auka uttak

– Eg har inntrykk av at dette er eit problem for mange, sjølv om ikkje alle har teke direkte kontakt med oss enno, men med Fylkesmannen, seier Laila P. Høivik ved NVE til iLaks. For å drive setjefiskproduksjon treng ein uttak av ferskvatn frå magasin, regulert etter konsesjonar. No synk vasstanden i magasina, og om det ikkje kjem betydeleg mengde nedbør framover kan dei nå lågaste regulerte vasstand (LRV) innan 10-20 dagar, ifølgje NVE. Har vatn i 3-4 veker til Blant søkjerane er Lerøy Sjøtroll. Administrerande direktør Willy Berglund fortel til iLaks at det ikkje er krisesituasjon enno, men at dei har iverksett tiltak for å unngå vassmangel på anlegg på Tysnes og Stord i Sunnhordland. Willy Berglund, administrerande direktør i Lerøy Vest og Sjøtroll Havbruk. FOTO: Ole Alexander Saue. – Me har enno vatn i 3-4 veker på anlegga som er mest utsatt. Det er der me har sett på moglegheiter for å auke uttaket, seier han. – Det me har gjort er å søke dispensasjon for å ta ut ekstra vatn. Det er ikkje krise og vannmangel enno, men me kan få det innan 3-4 om tørken held fram, legg han til. – Kan bli alvorleg Setjefiskprodusentane er avhengig av eit stort vassuttak, og kan til ein viss grad styre kor mykje dei treng, ved å avgrense produksjon eller påskunde utsett. – Dei må heile tida tilpasse produksjonen og driften etter kor mykje vatn dei har tilgjengeleg, og tilpasse seg situasjonen så godt dei kan, før dei søker om å bryte vilkåret for konsesjonen, seier Høivik til iLaks. – Dei kan ikkje gå tom for vatn, så det kan bli alvorleg. Då må dei følgje med vassmengda dei har, seier ho vidare. Les hele saken hos iLaks.