Ser endeleg resultat av fusjon: Fire kontraktar på kort tid.
MMC First Process har spesialisert seg på utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa, både ombord- og landanlegg.
Etter fusjonen i november mellom First Process og Havyard MMC, kan dei levere større og meir komplette utstyrspakkar enn dei tidligere har gjort og der dei fusjonerte selskapa også utfyller kvarandre når det gjeld kompetanse, produkt og marknad.
– Vi er den mest komplette aktøren med både fiskehandtering, kulde- og prosessløysingar innomhus. Vi bruker den komplementære kompetansen vi har til å kome med nye og innovative løysingar på alle tre områda, seier adm. direktør Petter Leon Fauske.
Dei har no ein ordrereserve på ca. 500 millionar kroner, som skal leverast i år, neste år og i 2020.
Fornøgd med fjoråret
Selskapet fekk i fjor driftsinntekter på 411 millionar kroner og eit resultat før skatt på nærmare 10 millionar (sjå tabell).
Nesten 85 prosent av inntektene kom frå det norske marknaden i fjor. Når det gjeld forretningsområde, kom 61 prosent av driftsinntektene frå forretningsområdet fiskehandtering, 35 prosent kom frå forretningsområdet kulde og resten kom frå prosess-området.
– Vi er greit fornøgd med tala i fjor, men det er potensial til å gjere det mykje bedre, seier Fauske.
Les mer: Leverer sin første fiskefabrikk etter sammenslåing
Etter fusjonen i november i fjor, er dei naturleg nok i ei omstillingsfase.
– Vi har lagt ein ny samlande strategi for selskapet og tek ein del grep. Mellom anna har vi beslutta å byggje nytt bygg på Digernes og samlokalisere dei tilsette på Sjøholt og Vigra i 2019.
Fakta
Forlenge
Lukke
MMC First Process as
2017*
2016
I millioner kroner
Driftsinntekter
411,8
393,6
Driftsresultat
13,1
20,4
Res. før skatt
9,9
17,9
*First Process as ble innfusjonert i Havyard MMC i november 2017.
Kontraktene har rasa inn siste vekene
Ifølgje Fauske, vart 1. kvartal i år dårlegare enn på same tid i fjor, men det er noko dei no jobbar med.
– Det vil gradvis gå bedre utover året og vi har eit budsjett i år på 500 millionar kroner, seier han.
Berre dei siste vekene har dei fått fire nye kontrakter.
– Det har har vore ein veldig god ordreinngong, noko som er veldig gledeleg.
Les heile saken hos Nett.no.
