Kategoriarkiv: Aas Mek. Verksted

Tøff marknad for fleire verft: – Prisane er pressa

– Det er ein veldig tøff marknad med prispress. Det er marknaden som styrer sjølv, så det er ikkje anna å gjere enn å bli betre og verta den foretrukne leverandøren. Me kan ikkje gå på akkord med pris. Slik lyder beskjeden frå dagleg leiar ved Risnes Marine Craft, Ronald Hellenes. Selskapet hans har drive med service på fritids- og arbeidsbåtar på verftet i over ti år, skriv Ilaks. – Låg etterspurnad I 2017 gjekk dei 707.000 kroner i minus, men i 2018 har Hellenes eit håp om å gå i pluss. – I år har me eit håp om å gå i pluss. Det er låg etterspurnad på arbeidsbåtar på rundt 15 meter, men det kan òg skuldast andre ting. Det er ikkje sikkert det er likt for alle. Det er hard konkurranse i denne bransjen, så dei fleste går i minus som følgje av prispress, seier han. Bølgjedalar Aas Mekaniske Verkstad, som byggjer brønnbåtar, derimot, fekk eit driftsresultat (EBIT) på 113,9 millionar kroner. Dagleg leiar, Halvard Aas, fortel om ein brønnbåtmarknad som går opp og ned. – Det går i bølgjedalar og det har det alltid gjort. Me har vore i denne marknaden i mange år, og historisk sett går det i bølgjedalar. Per i dag har me fem brønnbåtar under bygging, så me er i ein god situasjon, seier han. Året i år vert likevel ikkje like godt som i fjor. – I år vert resultatet minimalt, legg han til. – Det kun reperasjon og service i år. Me fekk eit hol på nybygg i år, men etter det – i løpet av eit par månadar – er det full rulle, seier Aas. Sertifikatkrav Hellenes trur nye sertifikatkrav på båtar under 15 meter gjer at etterspurnaden for større arbeidsbåtar har gått ned, medan det er større interesse for båtar på under åtte meter. – Regelen trer i kraft frå og med 2019. Er den under åtte meter har oppdrettarane høve til å bruke den med ferievikarar og lærlingar. Om ein går over åtter meter, er kostnadane, knyt til kursing for å få dei sertifiserte, omfattande, seier han. Risnes Marine Craft har ni båtar i ordre per i dag, mot tre på same tidspunkt i fjor. Vekst for Moen Marin Terje Andreassen i Moen Marin fortel om andre tilstandar for selskapet som omsatte desidert mest av dei verfta iLaks har gått gjennom. – Me ventar å levere om lag 35 båtar i år, seier han, og legg til at fjoråret endte med 28-30 nybygg. Vekst i etterspurnaden – Marknaden ser bra ut, og er – som venta – på nivå med fjoråret, legg han til. Andreassen merkar og konkurransen, men er ikkje blant selskapa som har gått i minus. – Me har hatt kraftig vekst, men det har òg vore ein stor vekst i etterspurnaden, seier han.

Generasjonskifte i Aas Mek. Verksted

Det skriv Nett.no. Konsernet Maritime Holding på Vestnes, der skipsverftet Aas Mek. Verksted er det klart viktigast selskapet, hadde rekordlønsemd i 2017 (sjå tabell). Resultatet i prosent av driftsinntektene blei 32 prosent. Selskapet betaler ut 60 millionar i utbytte etter 2017, og 90 millionar kroner i utbytte etter 2016. I åra 2010-2015 varierte utbyttet mellom 15 og 21 millionar kroner. Endring på eigarsida I 2016-reknskapen til Maritime Holding står aksjeselskapa Halmo, Soas og Johi oppført som eigarar med ein tredjepart av aksjane kvar. Halmo as er eigd av dagleg leiar Halvard Aas (62 år), Soas av Olav Aas (67) og  Johi av Johan Aas (71). 2017-reknskapen viser endringa i eigarskapen. No ser den slik ut (eigar av selskap, og alder i parantes): Vestnes Holding as 33,33 prosent (Hans Inge Aas, 34) Grova Invest as 22,1 prosent (Frode Johan Aas, 36) Kias as 11,05 prosent (Kim Andre Kirksæther Aas, 37) Bmaas as 11,05 prosent (Bjørn Magne Aas, 35) Johi as 11,22 prosent Halmo as 11,22 prosent Brønnbåtbyggar Aas Mek. Verksted har hatt suksess med bygging av brønnbåtar. Neste år skal verftet levere fire brønnbåtar, og ser optimistisk på sjansane til å få fleire oppdrag. “Etterspørselen etter nybygg har økt betydelig det siste året, og det jobbes med tilbud på flere ulike nybygg med planlagt levering i 2020”, skriv Aas Mek. Verksted i årsmeldinga for 2017. Konsernet sysselsette 55 årsverk i 2017.