Kategoriarkiv: Aqua Nor

Nye Mørenot-kjøp kjem i haust

– Vi jobbar med ei rekkje prosjekt. Det kjem nye oppkjøp før årsskiftet. Vi har allereie tilsett fleire med tanke på dei oppkjøpa vi skal gjere, seier Berge, til Nett.no. Færre veke var Berge på Nor-Fishing i Trondheim. Mørenot, som tidlegare i år fekk investeringselskapet FSN Capital som største eigar, sikra seg ein av dei største og mest synlege standane på heile messa. Les også: Mørenot opnar kontor i Måløy  Går alt etter planen vil det vere eit større Mørenot som kjem til Trondheim neste år, når oppdrettsnæringa samlast på Aqua Nor. Med nøter, garn, teiner og tauverk er Mørnot ein stor leverandør til begge deler av sjømatnæringa, men skal bli større. Dei nye eigarane vil ha vekst, og det skal mellom anna skje ved å kjøpe selskap som står på Berge si liste over oppkjøpskandidatar. Les også: Drøymer om å børsnotere verdas største – «Gamechanger» Det første oppkjøpet etter at FSN Capital blei storeigar i Møreno kom i månadskiftet juli/juli i år, då Mørenot kjøpte 86,4 prosent av aksjane i selskapet Plastfabrikken i Bodø og døypte det om til Mørenot Robotics. Mørenot Robotics lagar ein reingjeringsrobot som rensar oppdrettsnøter i sjøen og blir utgangspunktet for Mørenot si satsing på robotisering og automatisering. Berge kallar vaskeroboten ein mogleg «gamechanger» i bransjen. 10-15 modellar er ute til testing hos potensielle kundar og Berge seier ei lansering truleg ikkje er langt unna. Roboten vandrar rundt på innsida av oppdrettsnota etter same prinsipp som ein plenklipperobot, og børstar nettet slik at det ikkje gror til. Gevinsten er redusert vedlikehald, mindre forstyrring av oppdrettsfisken og at behovet for å impregnere nøtene med koparhaldige middel kan falle bort. Kjøpe eller leige Berge seier selskapet ikkje har avgjort korleis det skal tene pengar på robotane. Både sal og utleige kan vere eit alternativ, eventuelt ein kombinasjon. Mørenot har samarbeidd med Plastfabrikken om å utvikle roboten i to og eit halvt år, eit samarbeid som altså til slutt enda med at Mørenot kjøpte majoriteten av aksjane.