Ho skal leie beskatningsutvalet for havbruk. – No vert det viktig å setje seg inn i næringa
Professor ved Universitet i Oslo, Karen Helene Ulltveit-Moe, skal leie utvalet, skriv iLaks.
Hitra-ordførar Ole Laurits Haugen, som ved fleire høver har tatt til orde for at kommunane må få meir igjen for oppdrettsaktivitet, er òg med i utvalet.
NHO er i tillegg representert ved Helge Moen, som leier investeringsselskapet Kverva. Sjå komplett liste nedst i saka.
Slik fordeles milliardene fra Havbruksfondet
Ulltveit-Moe er spent på oppgåva dei skal jobbe med fram til 1. november 2019.
– Det vert riktig spanande. Dette er ei viktig næring med stor betydning for norsk økonomi, seier ho til iLaks.
Ulltveit-Moe har vore tilsett ved UiO sidan 2005, og har tidlegare vore tilsett ved Norges Handeøshøyskole (NHH). Ho har forska på internasjonal økonomi og skatte- og næringspolitikk.
Uvisse rundt skatten
– No vert det viktig å setje seg inn i næringa. Me har eit relativt detaljert mandat som beskriver dei ulike forholda departementet ynskjer me skal sjå på.
Denne episoden av Det vi lever av handler om skattlegging av oppdretterne – er det på tide at de betaler mer til fellesskapet? Hør podkasten her:
Det er knyt store spørsmål rundt korleis særskatten skal utformast. Det var i vår at Finansdepartementet varsla innføring av ein grunnrenteskatt, basert på modellen for skatt på vasskraftverk, men enno er det usikkert kor stor skatteprosenten blir, og om pengane går til kommune eller stat.
– Eg kan ikkje seie noko om skatten før arbeidet er byrja, seier Ulltveit-Moe.
Stor interesse
– Kva tenkjer du om gruppa som skal arbeide med innstillinga?
– Det er ikkje mi oppgåve å kome med ei meining om samansetninga. Eg registrerer at me er eit utval som både har fagleg ekspertise og partsrepresentantar, seier Ulltveit-Moe. Ho forstår likevel at spørsmålet engasjerer.
– Det er viktig at det er stor interesse rundt dette. Det skal det vere, seier ho.
Utvalet skal kome med ei anbefaling til Finansdepartementet, før politikarane får siste ord i saka.
Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, Bærum (leiar)
Advokat Gudrun Bugge Andvord, Oslo
Professor Claire Winifred Armstrong, Tromsø
Professor emeritus Vidar Christiansen, Nedre Eiker
Spesialrådgjevar Grethe Fossli, Landsorganisasjonen i Norge, Oslo
Ordførar Ole Laurits Haugen, KS, Hitra
Dagleg leiar Helge Moen, Næringslivets Hovedorganisasjon, Stjørdal
Advokat Amund Noss, Oslo
Professor Linda Nøstbakken, Bergen
