Stig Remøy er klar for å byggje ny krillbåt
– Prosessen er godt i gang med val av byggjeverft, seier Remøy til Nett.no.
Han seier at han vil kome med ytterlegare opplysningar når kontrakten vert effektiv.
Remøy kunne i desember glede seg over å få tildelt ein av to nye krillkonsesjonar.
Den andre konsesjonen gjekk til Aker Biomarine og Kjell Inge Røkke.
Rettsstrid
I dag er det berre Røkke-kontrollerte Aker Biomarine av norske aktørar som fangstar krill i Antarktis etter at Røkke overtok Stig Remøy sin tidlegare krilltrålar Juvel.
Dei to aktørane har ein pågåande rettsstrid om krillpatentar, men må no finne seg om å konkurrere vidare også på fangstfeltet, og ikkje berre i retten.
Aker Biomarine har under bygging ein 130 meter lang krilltrålar ved Vard Brattvaag.
Innovasjon
Då næringskomiteen besøkte Herøy i oktober, åtvara Remøy sterkt mot at Kjell Inge Røkke og Aker Biomarine fekk krillmonopol.
Fakta
Forlenge
Lukke
Krill er en gruppe rekelignende virvelløse dyr, som utgjør en svært viktig rolle i de pelagiske økosystemene i Nord-Atlanteren og Sørishavet.
Krillen beiter både på planteplankton og dyreplankton, og er sentrale byttedyr for viktige bestander av fisk, hval og sjøfugl.
Antarktisk krill er den eneste krillarten som utnyttes kommersielt.
kilde: Havforskningsinstituttet
.
Han fortalde også litt meir om planane til Rimfrost.
– Vår produksjonsløysing er truleg ei av dei største innovasjonane i norsk fiskerinæring på fleire tiår, sa Remøy.
Han viste til at heile krillen vart utnytta gjennom bioprospektering i staden for tradisjonell fiskemjølteknologi.
– Vi får fleire produkt, som krillmjøl, krillolje og krillhydrolysat, sa Remøy.
Krill til laksefôr?
Hovedfokuset for produkta har vore mot humant konsum, men han såg også store mulegheiter som tilsetning i laksefôr.
– Berre Marine Harvest brukar 550.000 tonn laksefôr i året. Om vi kan tilsetje 2-3 prosent hydrolysat, så snakkar vi om 10.000 – 15.000 tonn, sa Remøy.
Han opplyste at ein jobbar med å utvikle produkta og dokumentere fordelene med krillen til laksefôr.
– Våre analysar viser at det gir både auka vekst og auka fiskehelse.
