Kategoriarkiv: omega-3

Venter industrialisering av algeolje innan utgangen av 2019

Fiskeolje har blitt ein flaskehals for fôrprodusentane som ynskjer å veksa. Det har ført til alternative løysingar, òg for Skretting, som har sitt hovudkontor i Stavanger. – Går mot industrialisering – Me har byrja å nytta algeolje no, men det er stadig i veldig liten skala. Det er venta å koma på industrielt nivå først mot slutten av 2019, seier David Knudsen, ansvarleg for produktutvikling og råvareoptimalisering i Skretting til iLaks. No har leverandøren dei samarbeider med sett opp ein mindre fabrikk som kan levere algeolje til Skretting. – Det er ikkje i like stor skala som fiskeolje, men det kjem til å gå den vegen, seier Knudsen. Kommunikasjonssjef i Skretting Norge, Leif Kjetil Skjæveland. FOTO: Ole Alexander Saue. Fått tilbod Kommunikasjonssjef i Skretting Norge, Leif Kjetil Skjæveland, fortel at dei har fått tilbod om fleire ulike løysingar som alternativ for fiskeolje. – Det er avgrensa ressursar av fiskeolje. Me har hatt ein del som bankar på døra og seier at dei har ei eller anna smart algeløysing dei kan tilby. Og når me spør kor mykje dei kan klare å levere, svarar dei gjerne 10, eller 100, tonn, tonn. Me treng 50-100.000 tonn. Det er noko med å utvikle ei råvare, noko anna er å få til industriell produksjon, seier Skjæveland. Derfor har dei inngått ein avtale med eit selskap som skal gå starte opp med industriproduksjon av algeolje. For å investere i det, måtte dei forsikre seg om at dei hadde nokon som ville betale for produktet. Ambisjonar om vekst – Me trur at dersom me skal ha vekst framover, er me nødt til å finna alternativ til marine råvarer. Denne satsinga er viktig, seier Knudsen. – Fiskeolje vil fortsatt vere ein god og viktig ressurs, men me har ambisjonar om å vokse. Skal me ha sjans til det, må me finne alternative råvarer, legg han til. Skretting meiner no dei har løyst volumproblemet ved å gå rett til produsenten for å få til ein avtale om industriell produksjon.