Her skal småkraft bli til hydrogen
Per Rullestad og dei andre grunneigarane i Rullestad og Skromme Energi AS i Etne i Hordaland har eit problem.
Etter mykje diskusjon og motstand, fekk dei i 2016 konsesjonar til å byggja ut tre småkraftverk.
Grunneigarane får byggja ut tre mindre elvar som kan gje ein samla produksjon på 78 GWh, straum til rundt 4000 husstandar. Men gleda var kortvarig. Det er ikkje kapasitet i nettet til å få straumen ut.
Å byggja 26 kilometer med nye kraftliner er altfor dyrt og utelukka. Dermed var konsesjonane nær verdilause.
Men i staden for å senda krafta bort, kan det ifølgje Sintefs forskarar bli forretning av å bruka den same krafta til å produsera hydrogen lokalt.
Les også: Vil bruke småkraft til å lage hydrogen
Kinderegg ved E 134
Sintef skisserer eit reint kinderegg ved E 134. Ein treng elektrisk kraft og vatn.
Ved elektrolyse av vatnet får ein to delar hydrogen og ein del oksygen. Ein føresetnad for å lukkast er at også oksygenet kan bli omsett lokalt.
Sintef ser for seg at hydrogenet kan bli seld direkte til trafikken på europavegen frå ei pumpe, som kortreist, grønt drivstoff. Det kan også skipast ut med båt frå kaia i Fjæra, inst i Åkrafjorden.
I Fjæra, eit par kilometer frå Rullestad, ligg også Mowis store setjefiskanlegg, som forsyner heile regionen med laks til oppdrettsmerdane.
– Opne for det meste
Setjefiskanlegget er no heilt avhengig av å få oksygen levert med lastebil.
– Vi er opne for det meste. Men vi er avhengige av hundre prosent leveringsstabilitet, seier driftsleiar Signe Jordal.
I det hypermoderne anlegget, som blant anna resirkulerer alt vatnet, kan dei ha opp til 7,5 millionar fisk.
Her er fisken snart klar for livet som laks i salt vatn, men inntil vidare er det resirkulert ferskvatten med tilsett oksygen som gjeld. Foto: Rune Sævig
Jordal og dei 15 andre på anlegget må ha stålkontroll når rogn skal bli yngel, og yngelen skal veksa seg stor nok til å bli klar for salt sjø.
Kortreist oksygen
Signe Jordal likar tanken på lokalprodusert oksygen, og på at dei også kan erstatta eit dieselaggregat med kortreist hydrogen og brenselcelle.
Anlegget toler ikkje eit straumbrot, og må alltid ha eit aggregat i bakhand.
– Men for oss er sjølvsagt pris, kvalitet og leveringstryggleik heilt avgjerande, seier Jordal.
Vi ser ned på digre kar, fulle av fisk på rundt 250 gram. Her plaskar dei rundt i sitt perfekt kontrollerte miljø. Snart er dei klare for siste etappe før sløyebenken, i salt sjø.
– Vi må heile tida tilføra oksygen under trykk, for å få høg nok oksygenmetting i vatnet, seier laksesjefen ved Åkrafjorden.
Flytande oksygen kjem no med lastebil, og blir lagra på store tankar ved anlegget til Mowi. Foto: Rune Sævig
En gjenganger
Grunneigarane skal ikkje stå for kraftutbygginga sjølv, dette har dei sett ut til Småkraft. Og administrerande direktør, Halle Aslaksen, ser lyst på det.
– Dette prosjektet er eit vinn-vinn-prosjekt for alle partar. Så snart finansieringa er på plass, set vi i gang, seier Aslaksen.
Han trur arbeidet kan starte i løpet av året. Utbygginga vil ta eit par år.
Prosjektet blir då eit samarbeid mellom Småkraft, Småkraftforeningen og Sintef.
– Problemet med innestengd kraft er ein gjengangar hjå oss. Som regel gjeld det i svært grisgrendte strøk. Her ligg derimot alt til rette, med vegen, kaia og fiskeanlegget som talar for ei utbygging. Det er veldig spennande, seier Aslaksen.
Lenge har batteri blitt heiet fram som en av løsningene på klimakrisen. I denne episoden av Sysla-podkasten Det vi lever av kan du høre at stadig flere trekker fram hydrogen som et alternativ:
