Kategoriarkiv: refinansiering

Ventar runde nummer to

– Det kjem, men ikke nødvendigvis for alle, seier Helland til Nett.no om kor sannsynleg det er at første runde med refinansiering ikkje var god nok. Han er leiar for næringslivsutlåna i banken. Over 120 skip i opplag i Noreg og ein overkapasitet på over 1000 skip på verdsbasis i det ein tøff vintersesong står for døra gjer at Helland meiner neste runde kan starte alt neste haust. – Viss marknaden ikkje kjem kraftig tilbake neste sommar så er vi komne i gang med runde nummer to. Ikkje massivt neste år, men det startar, seier han. Vendepunktet utsett gang på gang Spådommane om kor lenge offshorekrisa vil vare er gradvis forlenga. Våren 2015 sa DNBs shippingsjef Kristin Holth at offshorreiarlaga må vente til 2017 før dei skulle få sjå ei lysning. Les også: I mål med refinansiering Les også: Refinansiering ga milliardoverskudd for Farstad Ett år etter var banken blitt meir pessimistisk, og Holth sa at refinansieringsløsningar burde lagast for å vare inn i 2020. På hausten 2016 såg Giek-sjef Wenche Nistad for seg at krisa i offshorenæringa ville vare enda lenger. – Når vi modellerer restrukturering av eit selskap må det klare å leve gjennom 2021, sa Nistad i eit intervju med Dagens Næringsliv 23. november i fjor. Skrotedugnad I dei refinansieringane som er gjennomført er Rem Offshore og  Farstad Shipping innlemma i Solstad, og hovudkontorfunksjonanen flyttar til Karmøy, Havila Holding er blitt storaksjonær i Volstad Maritime og Volstad Shipping har seld ut offshorfartya sine. Les også: Møre-reiarlaget bur seg på refinansiering Sparebank 1 SMN tok tidlegare i år til orde for ein skrotedugnad, ein felles innsats i bransjen for å ta eldre skip permanent ut av marknaden for dermed å raskare få ein balansen mellom tilbod og etterspørsel.

Deep Sea Supply tar grep i tunge tider

Forsyningsrederiet Deep Sea Supply, der John Fredriksen er største aksjonær, har fredag morgen lagt frem en plan som innebærer både refinansiering og grep knyttet til det felleseide datterselskapet DESS BTG, skriver e24.no. Innlegget Deep Sea Supply tar grep i tunge tider dukket først opp på Petro.no.