Kategoriarkiv: Vard

Verftsgigant gir småaksjonærene frist til 15. oktober

Fincantieri kontrollerer no 94,73 prosent av aksjane i Vard, etter ein prosess som starta med at Fincantieri hausten 2016 la fram eit bod på alle aksjane i Vard. No er Fincantieri kome dit at generalforsamlinga i Vard har vedteke at Vard skal strykast frå notering på Singapore-børsen, skriv Nett.no. Minoritetseigarane har også fått melding om at dei har rett til å selje aksjane sine – fordi Fincantieri eig over 90 prosent av aksjane – i ein periode også etter at bodet frå Fincantieri går ut. Heileigd datterselskap Målet til Fincantieri er å ta over alle aksjane i Vard og gjere selskapet til eit heileigd datterselskap i Fincantieri-konsernet. Fakta Forlenge Lukke Vard er en verftsgruppering med hovedkontor i Ålesund. Fem av totalt ti verft, Aukra, Brattvaag, Brevik, Langsten og Søviknes, samt spesialselskaper innen design, elektro, innredning og rør, er hjørnesteinsbedrifter i Møre og Romsdal og Grenlandsregionen. Vard har også fem verft i Brasil, Romania og Vietnam, samt flere spesialselskap i Canada, USA, Kroatia, Polen, India og Singapore. Kjelde: Vard Fincantieri eigde 55,63 prosent av aksjane i Vard då bodet på resten av aksjane kom. Bodet verdsette heile Vard til 1,7 milliardar kroner. Den første responsen vart ikkje som Fincantieri hadde håpa og det italienske skipsbyggingskonsernet nådde i først omgang berre eigarskapet til rundt 75 prosent av aksjane. Siste frist Trass manglande respons gav Fincantieri ikkje opp. Ved å kjøpe små postar over børs og legge fram bodet på nytt, kombinert med å stadig forlenge fristen har Fincantieri altså kome opp i 94,73 prosent eigarskap. No er altså fristen for å takke ja til bodet forlengja nok ein gong. Men denne gangen står det i børsmeldinga, som kom tidlegare denne månaden,  at Fincantieri ikkje vil forlengje fristen ut over 15. oktober.

Vard med potensiell 4,5 milliarder-kontrakt

Vard har signert en intensjonsavtale med Viking for bygging av to cruiseskip. Den endelige kontrakten skal etter planen signeres i midten av 2018, det kommer frem i en pressemelding. Fartøyene er utviklet av Vard Design i Ålesund, og skal utrustes og ferdigstilles ved et av Vard sine verft i Norge. Ifølge meldingen skal skipene bli blant de mest miljøvennlige skip som er bygget. Leveransen av skipene er planlagt å ankomme Norge i 2021 og 2022. Skroget skal bygges av Vards verft i Romania.