Kategoriarkiv: Leirvik

13 skip på 16 månader: – God kontroll, seier konsernsjefen

Havyard-verftet i Leirvik har eit tøft byggjeprogram dei neste 16 månadene, skriv Nett.no. 13 skip skal leverast, derav elleve ferjer til Fjord1, ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til France Pélagique. Alt tredje kvartal i år skal ei elferje til Ford1 vere klar frå verfet, deretter to nye ferjer i siste kvartal i år. Kan ta endå meir Endå ei ferje og den pelagiske trålaren skal leverast i første kvartal neste år, deretter skal brønnbåten leverast i andre kvartal, før ytterlegare sju ferjer skal overleverast på tampen av året. – Det er ingen grunn til bekymring. På det meste har vi vore oppe i sju fartøy på eitt år på verftet, og då var det snakk om svært ulike typer fartøy. – Dette skal gå bra, seier Bakke. Han seier at i tillegg til nybyggingskontraktene, tek verftet på seg større reparasjons- og ombyggingsoppdrag. – Vi har kapasitet til å ta endå meir enn det vi dag har i boks, seier han. Held fast på 180 tilsette Men fleire fast tilsette vert det ikkje på verftet, sjølv om det er stor aktivitet. – Nei, vi skal vere 180 fast tilsette, ikkje fleire, seier Bakke. Antal fast tilsette er dermed redusert med 100 frå toppen. – Vi var for mange, og måtte ta ned talet for å ha nok fleksibilitet. Polsk dotterselskap Mykje av arbeidet vert i staden sett ut til det polske dotterselskapet Havyard Product & Services Sp. – Vi har mange tilsette frå dette selskapet på plass i Leirvik. Blant anna tek dei seg av nesten alt elektroarbeid. – I tillegg har vi hyrt inn leigefirma. Vil byggje i Tyrkia Heilt sidan 2006 har Havyard fått bygt skroga ved Cemre-verftet i Tyrkia. Havyard har no tatt levering av Cemre-skrog nummer 46. Samarbeidet held fram. – Vi er godt fornøgde med arbeidet som vert gjort ved Cemre. For oss er det spesielt viktig at vi får levert skroga i tide. Bakke seier at ein likevel følgjer godt med i den politiske utviklinga i Tyrkia. – Vi likar ikkje alt som skjer i Tyrkia, men vi har ingen planar om å velje andre skrogleverandørar. Stor ordrebok Skipsbyggingsdivisjonen til Havyard Group hadde i første halvår i år inntekter på 574,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på minus 7,2 millionar. Ordreboka er på rundt 2,6 milliardar kroner. Fjord1 har betalt 229,4 millionar kroner i forskot på ferjene som skal byggjast på Leirvik.

Salt Ship Design vokser: – Fiskevelferd og attraktiv pris er nøkkelen

Det fortel administrerande direktør i Salt Ship Design, Arne Stenersen, til iLaks. Selskapet, som frå før hadde ei avdeling i Polen, starta opp på Stord med om lag 12 tilsette i 2012. No har dei drygt 30 tilsette i dei topp moderne lokala på Sunnhordlandskaien i Leirvik sentrum. Skipsdesignar-selskapet byrja i det små, og leverte i byrjinga design retta mot offshore-segmentet. Då oljekrisa inntraff seinhausten 2014, satsa dei for alvor i oppdrettsnæringa. Kjapt fekk dei oppdrag hos verdskjende selskap som Eidesvik og Østensjø. Maersk-bestilling i 2014 Det var likevel då Maersk dobla ordrelista til det då to år gamle selskapet, hausten 2014, ved å bestille seks ankerhandteringsskip (AHTS), at porteføljen deira for alvor tok form. – Det er klarta det vart lagt merke til, seier Stenersen. – Første fase for oss var å etablera oss innan offshore og å få ein portefølje. Deretter byrja me med fiskebåtar, legg han til. Ny kunnskap Då dei gjekk inn i akvakultur, var det éin ting som gjaldt: Dei måtte fornya kunnskapsdatabasen. Då reiste dei rundt, intervjua oppdrettarar og kartla deira største operasjonelle utfordringar. For iLaks summerer dei opp fem punkt: Dødelegheit og for store verdiar tapt i død fisk. Store problem knytt til fiskehelse, -hygiene og -kvalitet. Ineffektiv nedvasking, lasting og lossing. For lite fleksible båtar, og at dei vert utdaterte ved teknologisk utvikling. Behov for tryggare båtar som ikkje skadar merdene ved operasjonar. No vil dei, saman med samarbeidspartnarane, laga framtidsretta båtar, som tek høgde for både effektivisering, fiskevelferd og lågast mogeleg svinn. – Det har vore ein utvikling med stadig meir komplekse båtar. Dei blir meir kostbare, og dei siste brønnbåtane har vore ekstremt dyre. Me forsøkjer å finna hovudoppgåva til brønnbåtane, og sikte oss inn på det, seier han. Elles blir det fort dyrt, ifølgje Risnes. Fiskevelferd Då dei i sommar sikra seg ein kontrakt for design av to brønnbåtar, med opsjon på to til, for reiarlaget DESS Aquaculture Shipping AS i Grimstad, var det fiskevelferd som sto i fokus. – Fiskevelferda er hovudprioritet, i tillegg til at me har hatt stor fleksibilitet. Me har ikkje hatt ein gamal brønnbåt som me kopierer. Me byrjar med fiskehandteringssystemet, så designar me båten rundt det, seier prosjektleiar Rune Risnes til Sunnhordland. – Å kombinere fiskevelferd med ein attraktiv pris er nøkkelen, legg Stenersen til. Og Risnes har tru på fleire prosessbåtar i framtida. – Det trur me ganske bestemt. Det er stor interesse for det, så det kjem nok meir og meir i større og mindre skala, seier Risnes og Stenersen samstemte. Engasjerte oppdrettarar Salt Ship Design tek seg også av det skipstekniske, grensesnitt, og båtens ytre. – Me skal ikkje påberopa oss å vera ekspert på alle område av fiskehandtering, så difor har me samarbeidd tett med aktørar som Cflow, Havyard MMC, og dei som er kjend i bransjen. Det har vore veldig bra og interessant – på alle måtar. Me har ingen fastlåste ting frå nokon av partane. Oppdrettarane veit kva dei vil ha av funksjonalitet, så å skreddarsy båtar for dei har vore veldig interessant, seier Stenersen.