Tøff kamp om vindservice-skip
– Vi har halde på med dette i mange år og vore med på fleire tenderar, sa skipsdesignar Thomas Brathaug hos Vard på eit vindkraftseminaret i Ålesund tidlegare i månaden.
Brathaug viste fram fem ulike modellar av Vard sine eigenutvikla serviceskip for vindkraftanlegg til havs på vindkraftseminaret i går, skip frå knappe 60 til 90 meter. Dette er skip der teknikarane bur på skipet og går over til vindkraftanlegget på gangbru.
Han anslår marknaden frå fem til ti slike skip i året. Trass i den beskjeden storleiken på marknaden er Vard sin vurdering at det likevel er rett å satse på slike skip, for å skaffe seg ytterlegare bein å stå på, skriv Nett.no.
Les også: Havyard skal bygge to nye vindmølleskip
Betre og billegare
Brathaug sin vurdering er at for kvar runde er forventningar om at skipsdesignarane skal kome opp med eit framlegg til skip som både er billegare og betre enn ved førre runde.
Svaret frå Vard er å rette merksemda mot løysingar som reduserer dødtida til teknikarane som skal arbeide på vindkraftanlegga. Det handlar om at kundane får eit alternativ som gir billegare kostnadar for kvar time teknikarane arbeider enn til dømes bruk av helikopter eller reine skyssbåtar som går inn og ut på dagen.
Opp 50 milliarder euro på ett år
Fleire land vil bygge ut vindkraft til havs, anlegga blir større og kostnadane går ned. Vindkraftmarknaden veks mykje raskare enn venta.
I fjorårets marknadsrapport spådde Norwegian Energy Partners at det internasjonalt skal investerast over 100 milliarder euro i vindkraftanlegg fem år fram i tid. Investeringa omfatta alt frå prosjektering til ferdig bygde vindkraftanlegg til havs, og vedlikehalds- og inspeksjonsarbeid som følgjer med.
No er anslaget for kommande femårs-periode, til og med 2023, auka med 50 milliarder euro, til over 150 milliarder euro – over 1400 milliarder kroner – i følgje direktør David S. Ottesen i Norwegian Energy Partners.
