Jobbar for felles krav til utanlandske verft
Det norske Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek) står i spissen for ei arbeidsgruppe i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
Arbeidsgruppa arbeider for å kartlegge praksis og skilnadar mellom medlemane når det gjeld krav til HMS (helse-, miljø- og arbeidstakartryggleik), og miljø- og arbeidstilhøve ved finansiering av mobile einingar, og særleg skip. Det er eit ønske om å etablere eit sett med råd for “good practice” for alle eksportkredittinstitusjonane.
Nå vil hun at GIEK skal garantere for fiskebåter, ferger og hurtigruter
I løpet av 2018 kan arbeidet munne ut eit internt notat som gir ei oppsummering av kva praksis dei ulike eksportkredittinstitusjonane har når det gjeld å stille krav ved finansiering av prosjekt som blir bygd i utlandet. Notatet vil truleg og innehalde framlegg om innføringa av ein del felles råd for alle eksportkredittinstitusjonane.
Det seier Kamil Zabielski, som er leiar for gruppa som arbeider med berekraftspørsmål i juridisk avdeling i Giek.
Stor interesse
Zabielski fortel at det er stor interesser for å diskutere problemstilllingar rundt HMS, miljø og arbeidsforhold blant eksportkredittinstitusjonane i OECD.
Eksportkredittordninga er ei internasjonal ordning der vilkåra er regulert i avtalen mellom medlemslanda i OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.
Ordninga gir statar høve til å medvirke til finansiering som skal stimulere eigen eksportindustri. I Noreg er det Eksportkreditt Norge som gir lån, medan Giek garanterar for at långivaren får pengane sine.
Politisk spørsmål
Kva notetet og kartlegginga vil føre til av vidare oppfølging er førebels ikkje klart, seier Zabielski.
Aldri før har offshore-Norge hatt så mye høyrisikogjeld
Norsk Industri, Fellesforbundet og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft er i samtalar om å få stilt strengare krav til miljø, tryggleik og arbeidstakarrettar hos utanlandske verft som byggjer norske ferjer.
