Kategoriarkiv: åpne oppdrettsanlegg

Høyre om MDG-forslag: – Tøys, basert på mytar

Fredag kom stortingsrepresentant for MDG, Per Espen Stoknes, med eit representatforslag for å endre norsk oppdrettsnæring. Mellom anna vil han ha alle anlegg over på lukka teknologi. – Dette er eit tøyseforslag. Det er ingenting som tydar på at fisken har det betre i lukka, enn opne, anlegg. I tillegg kastar ein vekk den største konkurransefordelen me har, nemleg fjordane, som er godt eigna for dette. Ser ein på miljøstatusen i dei fjordane, så er den i hovudsak bra, seier Nilsen (H), og legg til: – Dette er politikk basert på mytar. – Føreslår utan kunnskap Stoknes vil òg endre «trafikklyssystemet», som han meiner ikkje er strengt nok i høve miljøkrava. Nilsen er einig i at systemet kan betrast, og peiker på at Stortinget allereie har vedteke å sjå på miljøpåverkninga i heilskap. – For det første er det gjort eit vedtak i Stortinget at ein skal sjå på trafikklyssystemet, og sjå på andre sider av næringa. Her slår han inn opne dører, seier han, og legg til: – Me på Stortinget må passe oss for å føreslå reguleringar utan kunnskap. Det er det som skjer her. – Rettar ikkje bakar for smed Nilsen er òg svært kritisk til forslaget om at trafikklyssystemet krev reduksjon i mengda fisk når auka dødelegheit frå all menneskeleg påverknad overstig ti prosent. Les også: 23 flytende lukkede anlegg er på gang – Så han meiner at oppdrettsnæringa skal ta ansvar for alt anna som skjer òg? Dersom ein får eit oksygenutslepp frå eit kraftverk, som fører til at fisk døyr, så skal oppdrettsnæringa sin mengde fisk reduserast? – I norsk forvaltning har me ein regel om at ein ikkje rettar bakar for smed (ordtak for å straffe ein uskuldig for det ein annan har gjort, journ.anm.). – Næringa er løysinga, ikkje problemet Høyre-politikaren tykkjer MDG har feil fokus når dei ynskjer ein miljøreform i norsk oppdrettsnæring. Han peiker mellom anna på at partiet er positiv til landbruk, men kritisk til oppdrett. – Det dei legg vekt på gir eit karikert bilete av norsk oppdrettsnæring. Samstundes hyllar dei landbruksnæringa, som har eit mykje større klimaavtrykk. Dei hyllar den same metodebruken i landbruken som dei tek sterk avstand frå i merdane, seier Nilsen, og legg til: – Frå desse partia hadde eg venta at den husdyrproduksjonen som gir minst avtrykk av alle, vert sett på som ei løysing heller enn eit problem.