Fredag kom stortingsrepresentant for MDG, Per Espen Stoknes, med eit representatforslag for å endre norsk oppdrettsnæring.
Mellom anna vil han ha alle anlegg over på lukka teknologi.
– Dette er eit tøyseforslag. Det er ingenting som tydar på at fisken har det betre i lukka, enn opne, anlegg. I tillegg kastar ein vekk den største konkurransefordelen me har, nemleg fjordane, som er godt eigna for dette. Ser ein på miljøstatusen i dei fjordane, så er den i hovudsak bra, seier Nilsen (H), og legg til:
– Dette er politikk basert på mytar.
– Føreslår utan kunnskap
Stoknes vil òg endre «trafikklyssystemet», som han meiner ikkje er strengt nok i høve miljøkrava. Nilsen er einig i at systemet kan betrast, og peiker på at Stortinget allereie har vedteke å sjå på miljøpåverkninga i heilskap.
– For det første er det gjort eit vedtak i Stortinget at ein skal sjå på trafikklyssystemet, og sjå på andre sider av næringa. Her slår han inn opne dører, seier han, og legg til:
– Me på Stortinget må passe oss for å føreslå reguleringar utan kunnskap. Det er det som skjer her.
– Rettar ikkje bakar for smed
Nilsen er òg svært kritisk til forslaget om at trafikklyssystemet krev reduksjon i mengda fisk når auka dødelegheit frå all menneskeleg påverknad overstig ti prosent.
Les også: 23 flytende lukkede anlegg er på gang
– Så han meiner at oppdrettsnæringa skal ta ansvar for alt anna som skjer òg? Dersom ein får eit oksygenutslepp frå eit kraftverk, som fører til at fisk døyr, så skal oppdrettsnæringa sin mengde fisk reduserast?
– I norsk forvaltning har me ein regel om at ein ikkje rettar bakar for smed (ordtak for å straffe ein uskuldig for det ein annan har gjort, journ.anm.).
– Næringa er løysinga, ikkje problemet
Høyre-politikaren tykkjer MDG har feil fokus når dei ynskjer ein miljøreform i norsk oppdrettsnæring. Han peiker mellom anna på at partiet er positiv til landbruk, men kritisk til oppdrett.
– Det dei legg vekt på gir eit karikert bilete av norsk oppdrettsnæring. Samstundes hyllar dei landbruksnæringa, som har eit mykje større klimaavtrykk. Dei hyllar den same metodebruken i landbruken som dei tek sterk avstand frå i merdane, seier Nilsen, og legg til:
– Frå desse partia hadde eg venta at den husdyrproduksjonen som gir minst avtrykk av alle, vert sett på som ei løysing heller enn eit problem.
– Dei har ein uakseptabel dyrevelferd, uakseptabel genetikktrussel og uakseptabel behandling av økosystemet, seier stortingsrepresentant for MDG, Per Espen Stoknes, til iLaks.
I eit representatforslag fredag kom Stoknes med åtte forslag til det han kallar ein «ekte miljøreform» i oppdrettsindustrien.
Mellom anna vil han at regjeringa kun tildeler nye oppdrettskonsesjonar basert på lukka teknologi, og at regjeringa i samarbeid med oppdrettsindustrien legg fram ein plan for overgang til lukka teknologi på alle oppdrettsanlegg som i dag opererer med opne merdar.
Les også: Høyre om MDG-forslag: – Tøys, basert på mytar
Vil skilje laks frå lus
I tillegg ber han regjeringa sørgje for at «trafikklyssystemet» krev reduksjon i mengda fisk når auka dødelegheit frå all menneskeleg påverknad overstig ti prosent.
– Kvifor vil du over i lukka anlegg?
– Dette ynskjer eg for å skilje laks frå lus. I tillegg kan fiskeslam og organisk avfall frå produksjonen gå tilbake til ein sirkulær økonomi og nyttast til biogass, seier Stoknes til iLaks.
– Dette vert svært dyrt?
– Sjølvsagt vil kostnadane ved dette bli ei utfordring. Men det eksisterer løysingar for dette allereie i dag, og lønsemda i næringa er god. Smoltanlegg i dag er lukka, så teknologien er til stades. Ein oppskalering av dette er innanfor marginane denne næringa har, svarar han.
– Teknologi under kontroll
Han meiner vegen er kort frå dagens teknologi til oppskalering til lukka matfiskanlegg.
– Mitt inntrykk frå leverandørar er at teknologien er under kontroll no. Det har vore sterk framdrift i teknologiutviklinga. Den er no klar for å skalerest opp. Det kan ikkje skje over natta, men me går hardt og tydeleg ut, seier Stoknes.
Han ynskjer ikkje å uttale seg bastant om miljøstatus i fjordane langs vestkysten, men meiner likevel at norsk oppdrett har mykje å gå på.
Drastiske endringar
Blant dei åtte punkta finn me òg forbod mot kobberimpregnering og kritinhrmmarar, behov for fleire genbankar, strengare miljøindikatorar i trafikklyssystemet og merking av oppdrettslaks, slik at rømt laks kan sporast tilbake til anlegget.
– No er det om lag 400.000 villaks, og 400 millionar oppdrettslaks. Det å ta vare på villaksen er eit avgjerande ansvar vår generasjon har for framtida.
– Og så er det det økologiske miljøet i fjordane. I tillegg til alt avfallet og kjemiikaliebruken, kjem dyrevelferd. Laksenæringa har ein svært høg dødelegheit.
Miljøpartiet De Grønne (MDG) foreslår at miljødagen – 5. juni – gjøres om til nasjonal fridag fra neste år av. – Det er på høy tid at miljøsaken får en fridag. Dette engasjerer stadig flere folk, og vi vil også at miljødagen blir en dag man forbinder med noe positivt: Det å ha fri i sommervarmen, sier MDGs nasjonale talsperson Arild Hermstad til VG. For MDG er det imidlertid ikke snakk om å bytte...
Source
– For meg er dette en bekreftelse på at det for mange er altfor lett å bytte vekk klimasaken i forhandlinger om makt, sier Miljøpartiet De Grønnes Per Espen Stoknes til NTB.
Stortingets energi- og miljøkomité avga torsdag innstilling til representantforslaget fra MDG om å stanse den 24. konsesjonsrunden på norsk sokkel. Bare SV sluttet opp om forslaget. Rødt er ikke representert i komiteen.
– Tankene går tilbake til det rødgrønne samarbeidet, hvor også SV ofret klimasaken til fordel for andre saker, sier Stoknes.
Imot eget vedtak
Venstre-leder Trine Skei Grande gikk selv på talerstolen for å advare mot vedtaket under landsmøtet i Ålesund i fjor, men anført av Unge Venstre ble det et klart nei til 24. konsesjonsrunde.
I alt har elleve selskaper søkt om å få tildelt nytt leteareal på de 102 blokkene som før sommeren i fjor ble utlyst som del av den 24. konsesjonsrunden i Barentshavet og Norskehavet.
Venstre og landsmøtevedtaket tapte i realiteten slaget under regjeringsforhandlingene på Jeløya, ifølge Venstres Ketil Kjenseth.
Smerter Unge Venstre
Overfor Aftenposten minnet Kjenseth onsdag om at det var den rødgrønne regjeringen som i sin tid la til rette for 24. konsesjonsrunde.
– Vi kunne valgt å stå sammen med SV og MDG her, men det ville fortsatt vært et lite mindretall. Vi velger å ta kampen for lavutslippssamfunnet på et annet vis enn å dulte mot flertallet i denne saken, sa han til avisen.
Norsk olje og gass er bekymret for det mener er en tynn søkeliste til 24. konsesjonsrunde
Hvorvidt det smerter for Venstre å gå imot eget landsmøtevedtak kommer an på hvem du spør i partiet, sier Kjenseth, som leder energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
– På Vestlandet gjør det nok ikke vondt i det hele tatt, men for Unge Venstre er det nok vondt. De feiret dette som en seier på landsmøtet, sier han.
– En stor forskjell mellom MDG og Venstre er at de vil ha null vekst, mens Venstre vil ha grønn vekst, sier sentralstyremedlem Guri Melby etter angrepet fra Rasmus Hansson lørdag.
– Det er fullt mulig å skape flere arbeidsplasser og samtidig få ned klimautslippene, mener Melby.
Hansson sa lørdag at MDG «vil holde seg langt unna» et grønt skatteskifte der miljøavgifter veksles inn i generelle skattelettelser. I stedet ønsker MDG klimabelønning – der inntektene fra økt bensinavgift betales tilbake som et likt beløp til alle.
Melby sier at MDGs modell ikke er et grønt skifte.
– Det må bli mer lønnsomt å velge grønne løsninger i hverdagen innenfor for eksempel transport. Transportsektoren står for en tredel av utslippene, sier hun.