Spania krev å få vere med i fregatt-etterforskinga
Statens havarikommisjon har sidan ulykkesnatta 8. november arbeidd med klarleggje kva som hende då KNM «Helge Ingstad» kolliderte og gjekk ned i Hjeltefjorden. Også den maltesiske havarikommisjonen er rutinemessig involvert, fordi tankskipet som fregatten kolliderte med – «Sola TS» – er registrert på Malta.
Det som ikkje er ein del av rutinen, er at ein tredje part har meldt seg på: Den spanske havarikommisjonen – CIAIS (Comisión Permanente de Investigación de Accidentes e Incidentes Marítimos).
Mulig designfeil
Bakgrunnen for den spanske interessa er at fregatten vart bygd av spanske Navantia. Dei har fått eit skarpt søkjelys på seg etter havariet – eit søkjelys dei sjølve ser som heilt ufortent.
Den norske havarikommisjonen meiner fregatten tok inn langt meir vatn enn han skulle etter kollisjonen.
I desember sende kommisjonen difor ut eit offentleg varsel om funnet, som dei omtalte det som «sikkerhetskritisk»: Gjennomgåande propellakslingar hadde latt vatn fosse inn i mange fleire seksjonar av skipet enn kva teikningane skulle tilseie.
I teorien skulle skipet greidd å halde seg flytande med dei skadane det fekk. I staden måtte skipssjefen gje ordre om full evakuering, og kort tid etter gjekk fregatten ned.
Les intervju med bergingsmennene: Umulig å hindre at fregatten sank
Trugslar om søksmål
Navantia er statleg eigd, og ein av Europas største skipsbyggjarar, med fleire tusen tilsette. Påstandane om feilkonstruksjon har utløyst gjensidige trugslar om søksmål mellom det norske forsvaret og den spanske verftsgiganten.
Navantias toppsjef Esteban Garcia Vilasanchez har i eit brev til det norske forsvaret slått fast at det ikkje finst «noko som helst grunnlag for krav frå Forsvarsmateriell mot Navantia».
Les også: Store deler av KNM “Helge Ingstad” er bygget i Norge
Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Statens havarikommisjon stadfestar at deira spanske kollegaer har bedt om å få bli med i arbeidet.
Professor: – Aldri vore borti
Havarikommisjonens arbeid er regulert i sjølova. Der heiter det at «undersøkelsesmyndigheten skal gi særleg berørte fremmede stater rett til å delta i undersøkelsene». Det gjeld blant anna statane der dei involverte skipa er registrert, statar med borgarar som har vorte ramma, og staten der ulykka skjedde. Spania oppfyller ingen av desse kriteria i fregatthavariet.
Men lova seier også at statar «som har informasjon som kan være av sentral betydning for undersøkelsen», eller som «på annet vis har vesentlig interesse i undersøkelsen» har rett til å vere med.
Dei fem norske fregattane i Nansen-klassen vart i all hovudsak bygd i Spania. Her er KNM «Roald Amundsen» fotografert ved verftet i Ferrol i 2005. Foto: KIKO DELGADO, AFP
– Eg har aldri tidlegare vore borti at staten der skipet er designa eller bygd krev å få vere med på granskingsarbeidet, seier Hans Jacob Bull, professor emeritus og ein av landets fremste ekspertar på sjørett.
Han er likevel ikkje overraska.
– Det går an å forstå at Spania vil inn i saka. Ein slik mulig designfeil kan jo ha konsekvensar for dei som skal føre tilsyn med spansk skipsbygging, seier Bull.
Kan opne dører
Avdelingsdirektør Liseth seier terskelen for å la andre statar delta i slike undersøkingar er låg.
– Vi vil uansett ha føringa i arbeidet. Det som vil vere positivt, sett med våre auge, er at den spanske havarikommisjonen kan vere ein døropnar for oss inn mot spanske styresmakter, dersom vi treng informasjon eller hjelp derfrå, seier Liseth.
Ifølgje avdelingsdirektøren er planen å signere ein samarbeidsavtale med den spanske havarikommisjonen denne veka.
Les også: Ingen har tilbrakr mer tid ved den spanske fregatten enn Fridtjof
